Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

AVLYSER Kyrkjekonserten med Åge og TrondheimSolistane

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. oktober 2020

I eit presseskriv frå Laget Vårsøg opplyser dei at konserten med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistane den 7.november i Stangvik kyrkje blir avslyst. Avlysinga er ein direkte konsekvens av dei gjeldande smittevernsrestriksjonane i samband med Koronasituasjonen. 

Laget Vårsøg har fått ein ny avtale med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistane om at det blir konsert i Stangvik kyrkje så fort situasjonen har «normalisert» seg att. 

Dei som har kjøpt billettar via eBillett vil automatisk få refundert pengane sine til kontoen som vart nytta ved billettkjøpet. For dei som har kjøpt billettar på billettautomaten på Surnadal kulturhus, må desse ta med seg billetten(e) til resepsjonen på kulturhuset, levere dei inn der og oppgje ønska kontonummer for utbetaling av refusjonen. Det er ikkje mogleg med kontantrefusjon. Refusjonen vil starte frå tysdag 13.oktober. 

Heile presseskrivet frå Laget Vårsøg kan du lese ved å trykkje på lenkja Avlyser Åge-konserten

Publisert: 9. oktober 2020, 12:48