Barne- og ungdomsgruppa minner om friidrett på Bordholmen kl. 17:30 i kveld! Det blir følgjande øvingar: Lengde med tilløp Lengde utan tilløp Kast av liten ball 60-meter springing 400-meter springing Dette er nest siste gong med friidrett på Bordholmen denne sesongen.
Les heile sakaStor interesse for teater denne hausten
Det er trasig at smitteverntiltaka fører til at storsalen på kulturhuset ikkje kan fyllast, for det hadde den vorte i haust. Og det fleire gongar! Teatret Vårt sender tre oppsetningar til Surnadal som alle dreg mykje folk. Den første, Edvard Hoems «Slåttekar i himmelen», blir unnagjort denne veka – og dei fleste av dei 120 […]
Les heile sakaBur seg på ein ny vinter
Med nysnø langt nedover Snøfjellet må det være rett prioritering å rydde unna stein som er komen ned i fangnettet ved raset i Stranda. Det er mesta som har denne jobben også, og sjølvsagt måtte trafikken regulerast forbi anleggsområdet. Det er no litt over 7 år sia raset gikk (31. juli 2013) , og vegetasjonen […]
Les heile sakaVegstenging – Ørsalvegen
Onsdag 9 september er Ørsalvegen mellom Halset bru og Utigarden på Ørsal stengt grunna utskifting av stikkrenne nedanfor Åkerlia i Ørsalbukta. Vegen vil vere stengt mellom kl. 09:00 og ca. 14:30.
Les heile sakaAlt tyder på at det er balsampoppel
Det er fleire som har respondert på kva slags tre som var felt på kyrkjebakken måndag. Svara er ganske eintydig, og går i retning poppel og da aller helst varianten balsampoppel.
Les heile sakaSøya/Todalen G9/10 – Dahle G10
Måndag kveld var det kamp mellom Søya/Todalen sitt G9/10 lag og Dahle G10 på Søyabanen. Trenarane var spente på om innsatsen og kjempinga frå siste kamp mot Surnadal ville fortsette denne kampen òg? Det vart tidleg klart at kristiansundarane var eit velspelande og ikkje minst samspelt lag som varta opp med god angrepsfotball. Dei var og effektive framom mål. Søya/Todalen spela seg og fram til mange sjansar, men der kristiansundarane fekk teljande resultat, vart det berre nære på for heimelaget.
Les heile sakaSommarlesande surnadalingar
Det var meir utfordrande å delta i «Sommarles» i år, men surnadalingane likar tydeleg nok utfordringar og heldt leseferdigheitene ved like også denne sommaren.
Les heile sakaOpning laurdag: – Reidar stiller ut i Finstuå
Førstkomande laurdag, kl 13.00, vil det bli utstilling i Finstuå. Da vil Surnadal Kunstforening presentere fotografi av todalingen Reidar Østvik.
Les heile sakaStoraksjon med motorsag og gravemaskin på kyrkjebakkan
I dag måtte det store tuntreet på kyrkjebakkan i Todalen berre gje seg for overmakta. Entreprenøren Mesta frå Surnadal troppa opp med ei stor gravemaskin, og ein lastebil med container for å ta det store tuntreet. Det har stått der lenge – kanskje sia kyrkja vart bygd i 1861 – og var i ferd med å bli veldig stort. Kanskje var det råteskadd i kjerna også, og dermed ein farge for bygningar – både bårehuset og Svorkas transformatorstasjon var i faresona. Men eit av dei store spørsmåla star det att å få svar på – kva slags tre var dette, egemtleg?
Les heile sakaMånadens bilete for august
Den siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Les heile sakaStavgang til Hjellnessetrene i Todalen
Pensjonistlaget melder: Stavgang i Surnadal
Torsdag 10. september går vi til Hjellnessetrene i Todalen. Kjør gjennom Svinviktunnelen og ta av første avkjørsel til venstre. Der skal det stå vakt!
Bryn – Søya/Todalen G12
I dag kl. 12 spela Søya/Todalen G12 sin tredje og siste kamp for denne helga på Bryn kunstgress. Motstandar var Bryn G12. Kampen var lenge jamspelt, men heimelaget hadde mest krefter og avgjorde etter kvart kampen til sin fordel. Med tanke på at dette var tredje kampen på 24 timar, så er det nok ikkje så rart at kreftene etter kvart tok slutt for bortelaget. Marius Kvande scora bortelaget sitt mål.
Les heile saka