Sist fredag var det full utrykking for alle naudetatar da det kom melding om brann på Talgø gard. Brann er det store marerittet som vi alle er redde for og som vi fryktar skal skje med oss – fredag skjedde det altså på Talgø gard. På Talgø gard var det ingen heime og det var det heller ikkje hos naboen, så det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga og meldte brannen, fortel Anita Talgø som eig garden og som bur der. I tillegg budde det 2-3 leigebuarar i Gammelstua – dei var på jobb på Talgø MøreTre da brannen starta.
Les heile sakaSiste Stavgang i år går til Kvenndalen
Torsdag 8.oktober blir sesongens siste Stavgang arrangert. Oppmøte til vanleg tid på Kvendbø og samkøyring derifrå og innover til gapahuken, der det blir parkering. Så blir det tur frå gapahuken og innover Kvenndalen. Retur til gapahuken der det blir servert graut og bakels.
Les heile sakaHett og Svett – forsiktig gjenopning
Frå veke 42 (frå måndag 12.10) får Hett og Svett ei forsiktig gjenopning. Etter ei nøye vurdering, i samråd med kommuneoverlegen, blir det i første omgang gjenopning på måndagar og torsdagar og då berre for medlemmer i Todalen Idrettslag. Grunnen til at det blir «berre» to dagar er krava til reinhald som følgje av Koronasituasjonen.
Les heile sakaKløvertur i Toåa tursti
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 5. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaStem på månadens bilete for september
Til å vera ein våt og kald september har vi likevell mang ein god kandidat for å bli månadens bilete. Stem på det bilete du liker best. Har du teke eit fint eller artig bilete så tek vi gjerne i mot det
Les heile sakaInviterer til jubileumsfest for 50-års konfirmantane – påmelding innan 5 oktober!
Todalen sokneråd inviterer til jubileumsfest saman med årets 50-års jubilantar. Det skjer Laurdag 10. oktober kl. 18.00 i Todalen Ungdomshus, med servering av middag og kaffe – alle er velkomne til å bli med på jubileumsfesta.
Les heile sakaDagen derpå med skummel landvind
Gjennom heile natta og utover laurdagen har det vore brannvakt på branntomta på Talgø Gard. Det har vore ein skummel landvind som har auka i styrke utover laurdagen, og brannen har faktisk blussa opp litt eit par gonger i løpet av natta og morgontimane. – Vi kjem til å plassere brannvakt her så lenge det er sjanse for at det skal ta fyr på ny, seier Håvard Stensønes som brannbefal i Surnadal kommune.
Les heile sakaSkåkleiva er neste mål for Fjellgruppa
Dramatisk brann på Talgø Gard
I ettermiddag har Gammelstua på Talgø Gard stått i full fyr, og brannmannskapa kjempa ein periode for å berge resten av bygningsmassen i gardstunet. Hell i uhell gjorde at den sterke landvinden løya på litt da det brann som verst og saman med iherdig innsats av brannmannskapa redda nok det både hovedhuset, 2-3 uthus og ei gammel gardssag. Det var ikkje folk heime da brannen starta, så brannen vart meldt av tilfeldig forbipasserande.
Les heile sakaDet brenn i gamlestua på Talgø Gård
Det brenn akkurat no i gamlestua på Talgø Gård. Brannvesen og politi er på staden og prøver å få kontroll på brannen. «Hovudfokuset akkurat no er å hindre brannen i å spreie seg til hovudhuset, noko det ser ut til at vi skal greie», seier lensmann Olav Halse ved Surnadal lensmannskontor.
Les heile sakaEi ny årstid nærmar seg…
Det er nok ingen grunn til panikk fordi om Mesta setter ut vegstikker langs vegkantane. Vêrmeldinga for dei neste dagane og for heile den komande 10-dagesperioden lovar temperaturar godt på plassida og lite eller ingen nedbør.
Les heile sakaOPPDATERT – Kamera mista på Bjøråskaret
Kameraet som vart mista på Bjøråskaret torsdag er no funne. Ein særs glad Svein Brøske takkar finnaren og Todalen.no for hjelpa.
Les heile saka