Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Bondelag

Etter årsmøtet i 2024 er tillitsverva i laget fordelt slik:

Leiar:                Ståle Ansnes
Nestleiar:         Asgeir Longva
Sekretær:         Halvard Longva Kvendset 
Kasserar:         Jan Nordvik Bruset
Styremedlem: Anders Ansnes Karlsen    
 
Først publisert: 19. november 2009, 16:13 - Sist oppdatert: 28. november 2024, 07:05

Nyheter knytta til Todalen Bondelag

Sauer på vidvanke

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. august 2019

Ein sau med 2 lam har vorte ein slags kjendis i Todalen. Dei vart først observert i Ørsalbukta, men har målbevisst kryssa over Halsabrua fortsett etter strandlinja forbi Bordholmen stadion og Talgø MøreTre sin elementfabrikk på Kvennset no i føremiddag.


Full trøkk for 2.-slåtten hos Todalen Mjølk

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juli 2019

Med gode vêrmeldingar for resten av veka nyttar Todalen Mjølk høvet til å starte 2.-slåtten for fullt. Med godt over 2000 dekar med gras på rot, er det tross alt nokre dagars arbeid å få gjort om alt graset til siloballar. Vi tok ein liten prat med Odd Harald Talgø som i kveldinga var i gang med slåtten i Husbytrøinn, der rundt 70 mål skulle slåast.


her kom det jammen ei hesje!

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. juli 2019

I dag er det langt mellom hesjene, men jammen finns det sorten enno. Gudmund Kvendset som er kårkall i Viastua har dei siste par dagane jobba med å sett opp ei hesje, og har i dag hengt ho full med gras til tørk. Høyvêret er det så som så med, men yr.no melder likare vêr frå komande helg, så vi får leve i håpet. Kanskje det går an å kutte ut stillongsen og da? I dag tidleg var det 6,5 på den ein og 7,0 grader på den andre gradstokken her – det kjentes ut som det var den på 6,5 grader som var rett. Nysnø i fjella var det og!


Siloslått for fullt – avling på det jamne

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Denne veka har Todalen Mjølk starta siloslåtten for fullt. Mykje av arealet på vel 1000 mål i Todalen reknar vi med å klare før vi tek helg, seier Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk.


Kom til nyoppussa hønsehus i Pestua

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. juni 2019

Måndag 3. juni kom 7.500 nye verpehøner og tok plass i det nyoppussa og oppgraderte hønehuset i Pestua. Tidleg på morgonen kom dei til gards, men det tok ikkje lang tid før dei fann seg til rette i gangane og i hyllene. Dei er seks uker gamle og har vakse opp i eit like ens hus på Jæren. Dette er innsett nr 13 i Pestua, og om eit par veker er dei klare til å starte å verpe. Dei legg nok ikkje merke til at det har skjedd store endringar sia hønehuset vart tømt for både høner og utstyr på etterjulsvinteren.


Rekordtidleg siloslått – bra avling

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2019

Ola Kvendset har starta siloslåtten rekordtidleg i år. Årsaka til at han er så tidleg ute er at han har eksperimentert litt og satsa på sortar og frøblandingar som er ekstra tidleg på bakgrunn av fjorårets vanskelege fôrsituasjon. Tørke gjorde da at Ola fekk berre ein brøkdel av avlinga i førsteslåtten. Da var det ein god 3.-slått og innkjøpt fôr som redda situasjonen.


Godt å varra te!

Elinor Bolme Tysdag 14. mai 2019

I går kveld inviterte Ola Kvendset i Viastua til det årlege kusleppet for skuelystne Todalingar. Alt i alt skulle 36 kyr og kviger i alle aldrar endeleg få ut og starte vårsesongen 2019 med grønt gras under klovene. Damene tok slettes ikkje heilt av, men litt krumspring til ære for publikum bevilga dei seg. 


Klart for vårslipp og kåte sprell

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mai 2019

Måndag kveld blir kyrne i Viastua sleppte ut på beite for sesongen. Vi reknar med at det blir både kåte sprell og litt kamp om posisjon i hierarkiet. Det skjer kl 19.00 og alle som har lyst kan kome og sjå på.  Det blir salg av kaffe og bakels for kr 20 – Vipps og […]


Det gjekk heldigvis godt…

Elinor Bolme Sundag 24. februar 2019

Ein gardbrukars mareritt er metallboksar inne i foret. Håvard Halset opplevde dette for andre gong no i helga og er glad for at kyrne ikkje fekk dei inn i munnen saman med siloen. -Vi ser med jamne mellomrom groteske bileter på nettet kor kyr blir oppskorne i munn og svelg grunna metallboksar som har vorte kverna inn i rundballar. Dette ender stort sett med dødeleg utfall og er ei lita otte, seier Håvard.


Satsar på å takle tørkekrisa i landbruket

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Onsdag inviterte surnadal Bondelag til møte om gravforsituasjonen i regionen. Dette var nok eit tema som interesserte mange og det var godt frammøte i kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og bondelagsleiaren Oddvar Mikkelsen sa at «det er inga lykkeleg årsak til at vi samlast i kveld» da han ønska velkomen. Men bondelaget hadde samla mykje kompetanse til møtet, og alle var optimistar med tanke på å finne løysingar for å kome ut av grovforkrisa som har oppstått.


Det monnar da litt iallfall…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. august 2018

Alle monner dreg sier Ola Kvendset og Emil Thorp som driv kantslått både på elvekantar, ekkerkantar og vegkantar for å samle grovfor til krøttera. Ola Kvendset er gardbrukar i Viastua, medan Emil Thorp er avløysar. I dag hadde dei litt ledig tid, og har altså samla litt fôr både her og der, og dei trur da at dei kan fø heile buskapen ein dag med det fôret dei har samla inn. Da kan ein seie at alle monner dreg!


Møte om grovfôrsituasjonen – på ungdomsskulen

Elinor Bolme Fredag 10. august 2018

Onsdag den 15. august inviterer Surnadal Bondelag til møte om grovfôrsituasjonen i regionen. Møtestart er kl 19.30 og finn stad i kommunestyresalen på Herradshuset skriv leiar Jan Henrik Moen i Surnadal Bondelag.