Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

her kom det jammen ei hesje!

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. juli 2019

I dag er det langt mellom hesjene, men jammen finns det sorten enno.  Gudmund Kvendset som er kårkall i Viastua har dei siste par dagane jobba med å sett opp ei hesje, og har i dag hengt ho full med gras til tørk. Høyvêret er det så som så med, men yr.no melder likare vêr frå komande helg, så vi får leve i håpet. Kanskje det går an å kutte ut stillongsen og da?  I dag tidleg var det 6,5 på den ein og 7,0 grader på den andre gradstokken her – det kjentes ut som det var den på 6,5 grader som var rett. Nysnø i fjella var det og!

Gudmund brukar å sette opp ei hesje kvart år –  han likar å ha ein godbit til sauene, sa han, og det tvilar vi ikkje på.  Om det er langt mellom hesjene, så begynner det faktisk å bli langt mellom sauene og saukarane og.  Her i bygda er det faktisk berre to besetninger att, og den eine av dei to er berre på hobbybasis – med eit tjuetals lamsauer. 

 

Publisert: 3. juli 2019, 15:57