Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sauer på vidvanke

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. august 2019

Ein sau med 2 lam har vorte ein slags kjendis i Todalen. Dei vart først observert i Ørsalbukta, men har målbevisst kryssa over Halsabrua fortsett etter strandlinja forbi Bordholmen stadion og Talgø MøreTre sin elementfabrikk på Kvennset no i føremiddag.

Vidare retning Sissigrenda og ned vegen mot settefiskanlegget sist vi såg snurten av dei. Det var gjort forsøk på å parkere dem på ei ekre, men det var nyttelaust. – Dei vandra målbevisst vidare.

Vi tok kontakt med Bjørn Kvendset som er godt kjent i sauemiljøet. Merking med gule merker i front og grøne i bakkant tyda på at det var Harald Krangnes som kanskje er eigarmann, og han har nok fått beskjed om rømlingane som er på avveie. 

Så spørs det kvar dei tek vegen og kvar dei dukkar opp i neste omgang?

Sauene som høyrer til i Surnadal har nok vore på langtur! Høyrer vel eigentleg heime i Vindøldalen? Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. august 2019, 10:42