Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Landbrukskonferansen er i rute – få fagleg påfyll!

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. september 2019

Bøndene er under press frå mange kantar, og er vant til stor uforutsigbarheit og til å omstille seg etter endra forutsetningar. Bondeyrket er eit einsamt yrke, og det er derfor stort behov for fagleg input. Ikkje minst ser klimaendringane ut til å få stor fokus, som vil gje nye utfordringar og stor uforutsigbarheit for landbruket. Reduserte produksjonskvotar er ei anna utfordring som er tema på landbrukskonferansen. – Eg meiner vi har sett sammen eit godt og variert program som passar for både bønder, politikarar, byråkratar og folk flest, sier Anne Saltrø Polden, som er arrangementsansvarlig i Surnadal Sparebank. Landbrukskonferansen arrangeres torsdag 14. november.

I godt humør: Anne Saltrø Polden Surnadal Sparebank, Ragna Mauset Surnadal Bondelag, Ståle Ansnes Todalen Bondelag, Elin Moen Lysø Surnadal kommune og Ole Magnus Løwe Surnadal Sparebank, er klare for Landbrukskonferansen. Foto: Driva/Geir Forbregd

Landbrukskonferansen blir arrangert annakvart år for å sette fokusere på tilhøva i norsk landbruk og tek mål av seg om å formidle suksesshistorier, trendar og utsikter for framtida. I år er det og sett fokus på griseproduksjon. – Polden fortel at grisebøndene i Surnadal ligg i teten når det gjelder kvalitet. Disse vil i samtale med konferansier Svein Sæter fortelje om suksesskriteriene.
Odin Jensenius avsluttar årets landbrukskonferanse. – Han er ein bonde som har klart å skape ein distanse til eige yrke og kan seie litt om dagens bønder på ein humoristisk måte.

 Her kan du laste ned plakaten og her kan du melde deg på ved å klikke på linken til påmelding.

Publisert: 21. september 2019, 06:41