Etter årsmøtet i 2020 er tillitsverva i laget fordelt slik:
Nyheter knytta til Todalen Bondelag
Vil fange rømlingar med forhekk og viltkamera
Ola Kvendset fortel at det har «rømt» 5-6 ungdyr som han har på beite i Brusetgrenda, nærare bestemt på Elvagard. Dyra er lokalisert i Brusetbotnan, men tross fleire forsøk har det ikkje lykkast å fange dei inn igjen. Dei vart skikkeleg skremt at toreveret for nokre dagar sia, og treng nok litt tid for å roe seg ned igjen, seier Ola.
Fredag ber det til fjells
Fredag bêr det til fjells på sommarbeite – har du lyst til å være med på turen opp Kvennsetliene, så er det berre å ta kontakt. Vi startar i grustaket ovafor Rossåbrua med ein heil skokk med storfe, og så ber det oppover lia etter skogsvegen, opp til Gammelsetra i første omgang. Dette tek nok litt tid, for det er mykje å lukte på og vekstar å smake på opp lia. Vi kjem nok til å starte på turen rundt lunchtida – du kan avtale nærare tidspunkt på telefon 986 32 492 til Ola.
Siloslått og ny flatsilo teken i bruk
Det grøne skiftet tvingar fram mindre bruk av plast og meir rasjonell drift for innhausting av graset som blir bruka til fôr. Todalen Mjølk har teke konsekvensen av det, og har i år gjort store investeringar for å rasjonalisere siloslåtten. – No er dei i gang med førsteslåtten, og dei kan rapportere om både gode avlingar og god kvalitet på fôret.
Stabil hjortbestand i Todalen – no fristar nygrøå
No når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka. Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk. På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten. Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.
Tidleg ute med våronna – satsar på litt nytenking
Ola Kvendset er tidleg ute og alt i full gang med våronna, og er ikkje redd for å prøve noko nytt. Med ei ny såmaskin kan han både gjødsle og så på ein gong, og får både gjødsel og frø ned i jorda. Tilsaman har han no 400 mål som han skal så og gjødsle på denne måten i staden for å pløye, harve, gjødsle og så i fleire prosessar. Den er ideell når ein ikkje treng til å pløya på grunn av kjøreskader eller andre årsaker.
Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid
Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps- og helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]
Det snør og det snør og vi…
Ja det er faktisk slik at vi snør mesta ned – det siste halvanna døgnet har det kome unormalt mykje snø, og snøen har vore tung. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at han aldri har opplevd så mykje og så tung snø før i sin karriere som brøytesjåfør. Snøen er kram og fuktig og Ståle merka det godt på traktoren i dag tidleg da han var ut på brøyting – faktisk var det poblematisk å få nok marktrykk for å styre traktoren.
Meir elg og mindre hjort i 2022
Tore Gjul som er sekretær i viltnemnda i Surnadal kommune har laga ein omfattande statistikk som er basert på vårteljing av hjort og med resultat frå jakta i 2022, basert på felt hjort, elg og rådyr i Surnadal kommune og fordelt på dei enkelte vald/storvald innafor kommunens grenser. Når ein blar gjennom statistikken er det lett å sjå at ein må sjå alt i samanheng når ein skal regulere stammen med tildeling og avskyting frå år til år.
Koser seg på fjellbeite i sommar
Det er mykje fokus på at fjellbeitene grør att og at det veks att med kratt og buskas langt til fjells. Det er nok fleire årsaker til at utmarka gror att, men to vikige faktorar er nok mangel på beitedyr, både sauer og storfe, og så er det klimaendringane. Vi har vel ikkje noko umiddelbar løysing på nokon av problema, men vi tykkjer det er synd at den fine fjellbeita vi har her i Trollheimen ikkje blir nytta ut. Vi kjem vel både borti næringspolitikk og rovdyrpolitikk dersom vi skal diskutere dette.
Korleis blir det med matproduksjonen i tida som kjem?
Sist Jenny Klinge var i Viastua på besøk, for 5 år sia, var ho med på morgonstellet i fjøset hos Ola Kvendset. Veldig triveleg og lærerikt det, men i dag var ærendet eit heilt anna. I dag var det «retninga for landbruket og matproduksjonen framover» som stod på dagsorden da Jenny vitja Viastua saman med ordførar Margrete Svinvik. – Det er viktig for oss å følgje med på det som skjer, slik at vi held oss oppdatert, seier Klinge. Klinge er oppteken av kva som skjer med bygdene i Noreg og kva folk her skal leve av og kvar folk skal bu.
Prøvar å være mest muleg sjølvforsynt med energi
Da Frode la på nytt tak på fyrhuset/garasjen, nytta han høvet til å legge på solcellepanel på taksida som snur mot sør. Frode har eit ønske om å være mest muleg sjølvforsynt med energi heme på garden i Steinarstua. Han er inforstått med at ei stor trønderlån nærast sluker energi – det er erfaringa etter mange år med vedfyrt varmeanlegg, som forsyner heile huset med varme og varmvatten frå oktober til apri
Det er på Halset det foregår….
Det er stor aktivitet innafor fjøset i nestua på Halset. I ein lift er det eit par mann som jobbar på Telia-basen, og eit rindalsfirma jobbar med å få på plass forskaling og klargjering for stauping av fjøsmurar. Her skal fjøset forlenges for å gje plass til mjølkerobot og ny oppgradert basestasjon for Telia