Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjem heim frå fjellbeite – vis hensyn til dyr i vegbanen

Jon Olav Ørsal Sundag 3. september 2023

Måndag 4. september blir dei første krøttera henta ned frå beite i Kvennsetdalen.  I sommar har det vore nærare 80 storfe på fjellbeite i Kvennsetdalen, men no er sommaren på hell, og da bers det heimover, og dyra vil bli henta puljevis ned frå fjellet, fortel Ola Kvendset. Han ber om at billistar viser litt hensyn når det er dyr i vegbanen mellom Rossåbrua og Kvennsetøran.

Som sagt kjem den første pulja måndag, og vidare blir det fleire omgangar den næraste tida.  Dyra er lite vant med trafikk etter eit par månader med fred og ro i fjellet, så det er fint om billistane viser litt hensyn til det.  

Rundt 80 storfe har kosa seg i Kvennsetdalen i sommar – i tillegg er det mange sauer som enno går på fjellbeite. Foto Ola Kvendset

Ola fortel at det vises god på vegetasjonen i Kvennsetdalen at det har vore nærare 80 storfe på beite i sommar, og han har for moro skuld rekna om fjellbeitet i rundballar.  Beitetrykket frå dei nærare 80 dyra utgjer rund 90 rundballar som dermed er spart.  Dette viser at den frodige fjellbeita i Trollheimen har stor verdi som beitepotensial.  

Publisert: 3. september 2023, 13:52