Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tøffe tak med sauesanking i snøen

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. oktober 2023

Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år  – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem.  Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno –  knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne.  Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom. 

Det var slitsomt både for sauene og for sauleitarane som baska i snøen. Foto Ola Kvendset

Snøfallet og mykje regna og dårleg vêr har gjort sausankinga arbeidssom i år og det har også ført til at vi er på etterskot med dette no da.  Håper at det no er litt betring i vêrprognosane slik at ein får gjort eit skippertak med sankinga i helga og utover i neste veke – før det kjem meir snø i fjellet.  Har prioritert å få ned dei sauene som stod i snøen på Tælafjellet, og plana er å prøve å få dei heim på fredag.  Måtte gjera tre forsøk før vi lykkast – måtte faktisk trappe veg til sauene for å få dei med til bar mark i Romådalen.  

På tur ned frå Tælafjellet til Romådalen (til høgre på bildet.) Foto Ola Kvendset

På tur utover Romådalen – her passeres Austistusetra. Foto Ola Kvendset

Sauer i høgfjellet opp mot Tælafjellet. Foto Ola Kvendset

 

Publisert: 12. oktober 2023, 18:17