Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Røv Mølle – Eirik har stort distrikt

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2024

Vi kan trygt seie at Eirik Gjeldnes som kjører ut kraftfôr er «vidfarann», for du kan treffe på han med tankbilen frå Romsdalsfjorden og oppover til Verdal i Trøndelag.  – Sågar hender det også at det er levering i Ålesundsområdet.  – Etter 16 år som sjåfør på Røv Mølle er han nok lommekjent både på Nordmøre og i Romsdalen. 

Øverst til høgre er det to som kjenner mjøllukta og gler seg på ein smak av «ny-mjølet». Foto Jon Olav Ørsal

Da vi trefte Eirik var han i gang med levering av 13 tonn kufor opp i tanken hos Ola Kvendset i Viastua.  I tillegg hadde han noko av kapasiteten med stom skulle leverast hos Todalen Mjølk i Pestua.  
Ein prat med Tove Mogstad avslørte at mølla på Røv leverer mellom 22 og 23 tusen tonn kraftfor i løpet av eit år.  Dette utgjer ei omsetning på rundt 150 mill og det meste av dette er eigenproduksjon ved anlegget på Røv.  Her produseres det mest drøvtyggarfor, men også svinefor.  Økologisk kraftfor og hønefor leveres frå samarbeidspartner i Verdal.   Tilsaman er det rundt 10 peronar som har arbeidsplassen sin hos Røv Mølle – nokre er sjåførar medan resten arbeider på mølla.  

Røv Mølle er medlem i Todalen.no 

Publisert: 13. april 2024, 07:00