Om det kallast kamp eller trening spelar ingen rolle. Innsatsen var uansett upåklageleg og måla vart rekna etter kvart som dei rann inn. Knøttegjengen som møttes for andre gong for trening på Bordholmen kosa seg stort i ein stor time under litt kald vind tirsdag kveld. Dei er for små til å delta i seriespel enda, men laget har tenkt seg på ei par cupar i løpet av sesongen.
Les heile saka
Tysdag inviterte elevane ved Todalen skule familie, vener og bygdefolk til ti-kaffe. Det vart eit riktig kjekt og hyggeleg kaffelag!
Elevane hadde lagt mykje arbeid i arrangementet. Ungane i storskulen hadde først laga fin invitasjon og sendt ut. I mat og helse hadde dei baka sjokoladekake og pynta, og bakels vart steikt like før gjestene kom. Elevane i tredje og fjerde trinn stilte med nybaka kefirkake, og dei dekte bord. Første- og andre-klassingane hadde plukka kvitsymre, og dei stod også for bordpyntinga. Alle kaffebrøda smaka fortreffeleg!
Les heile saka
Utruleg mange todalingar og nokre utflytta todalingar møtte opp i går kveld når Todalen Sokneråd inviterte til den årlege dugnaden på kyrkjegarden. Og jobben såg ut til å gå unna rimeleg fort. Med ei kjapp oppteljing kom ein fort opp i mot 50 mann som hadde møtt opp for å ta vårpussen på kyrkjegardsområdet.
Les heile saka
Elevane ved Todalen oppvekstsenter inviterer i morgon 28. april til 10-kaffe i gymsalen. Her blir det servering og underhaldning av elevane, samt ein quiz. 10-kaffe er i anledninga eit begrep, for arrangementet startar ikkje før klokka 11 melder dei i invitasjonen.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag 6. juni inviterer Todalen Misjonsforening til 170-årsjubileum. Det skjer i Todalen ungdomshus, og alle som vil delta er velkomne. Misjonskonsulent Janne Bjune og misjonær Åse Neergaard vil delta. På programmet står song, servering og gåve til misjonen og det blir høve til helsingar, og sjølvsagt gratis inngang.
Les heile saka
Måndag fekk Todalen barnehage besøk frå NAF Indre Nordmøre. Det var Einar Grønnes som stakk innom med ein ny fin sykkel til barnehageborna, og det vart stor stas, og sjølvsagt vart det kø for å prøvekjøre det nye vidunderet.
Les heile saka
Søndag var siste kveld med sjakkspel på Matkroken for denne sesongen. Oppmøtet var da også prega av at det er vår, og mange andre aktivitetar som ligg føre. Men det vart da tre lag som vart med på siste runden og samtidig vart det tid til å diskutere opplegget for neste sesong….
Les heile saka
Turistsesongen med døgnope på Todalshytta blir det frå 15. juni, men Eric Malling fortel at det blir ein tjuvstart alt frå månadsskiftet mai/juni med kjendisgjestar på hytta. Elles er både ny grill og ny oppvaskmaskin på plass på Todalshytta.
Les heile saka
Det er no andre sommarsesongen at Surnadal kommune er med i Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal si satsning StikkUT! Dette er eit lågterskeltilbud i kommunane der formålet er å flest muleg ut på tur i nærmiljøet. Turane registrerast aller heldst via www.morotur.no på nett, men det er også bøker utlagt på dei einkelte turane, og ein ser ei betydeleg auke i besøk rundt om i samtlege kommunar som deltek i opplegget i fjor.
Les heile saka
Norsk Laksefestival ønsker no å få med seg lag og organisasjoner som vil være med på å bygge opp framtidige aktiviteter, naturopplevelser og konkurranser for barn og unge under festivaldagene på årets Laksefestilval som arrangeres 18.-21. juni i år.
Les heile saka
Kvendset vasslag melder om stengt vassføring mandag 27.april mellom kl 8 og 9 for sine abonnentar. Dette grunna reperasjon av ein stoppekrane i Todalen Sanitetshus i tidsrommet.
Les heile saka
Mange fann vegen til Sanitetshuset i dag når Todalen Sanitetsforening åpna dørene til si årlege klesinnsamling til Estland. Dette er blitt ein årvis hending hos Saniteten, og etter 6 år verkar det fortsatt som om dette er eit populært tiltak. 98 store søppelsekkar vart i dag stabla opp i uthuset på Kvendset, klare for levering til Estlandsforeninga i Rindal.
Les heile saka