Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkveld med ny salmebok

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mars 2014

Onsdag kveld vart songkvelden i Todalen kyrkje bruka til å introdusere og «prøvesynge» den nye salmeboka. Etterpå var det årsmøte i kyrkjelyden, der dei skulle ta stilling til å den nye salmeboka skulle takast i bruk i Todalen kyrkje. For høvet var det lånt inn eit antal salmebøker frå Ranes sokn, og både Todalskoret og […]

Les heile saka

Utpågang- midt i muligheitene

Elinor Bolme Torsdag 27. mars 2014

Utpågang er ei ny satsing mellom kommunane Surnadal og Sunndal. Dette er eit magasin som i desse dagar er distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane. Innleiingssvis har ordførarane Mons Otnes og Ståle Refstie ordet, der dei ønsker å gripe muligheitene. Muligheitene som Indre Nordmøre er i besittelse av. Dei ønsker å sammarbeide om rekkrutering, kompetanseutvikling, skape bo- og ikkje minst blilyst slik at heile Nordmøre skal bli ein enda meir atraktiv region å bu i og flytte til.

Les heile saka

Vårsalg hos RBL

Elinor Bolme Torsdag 27. mars 2014

Vinteren vart kanskje ikkje slik nokon av oss forventa, men RBL kan skilte med eit snøscootersalg over normalen for det. No slår dei til med sterke rabattar på bekledning for scooterbruk. Her er det tilbud på gode skuter- og vinterklær med 20 – 70 % rabatt.

Les heile saka

Månadens bilete: På tur hjem

Ole Petter Talgø Torsdag 27. mars 2014

For februar kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «På tur hjem». Utover våren håpar vi mange tek fram kamera og mobiltelefon, tek eit bilete og sender inn til oss.

Les heile saka

Sveen Auto: Nyopning av verkstad og butikk

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mars 2014

Onsdag tok Sveen Auto i bruk sin nye bilhall og bilverkstad. Det er delvis nybygg og delvis renovering av dei gamle lokala. Både bilhallen og verstaden har fått betre plass og det er bli nye og fine lokaler som er tilpassa de krav og funkjoner som VW har til sine forhandlarar. Da vi stakk innom på lynvisitt onsdag var det full moblisering for å gjera unna siste finpussen før opninga kl 12.

Les heile saka

Ryddar plass for vårvarene

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mars 2014

Vinteren som egentleg aldri kom er heilt på tampen, og ved Kårvatn fjellustyr ryddar dei no plass til vår- og sommarvarene. Derfor har du no sjansen til å gjera eit lite kupp på restane av vintervarer i butikken på låven, med betre tilbud enn nokon gong, fortel Laila Kvendset til Todalen.no.

Les heile saka

Laurdag: Ny familiedag i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. mars 2014

Laurdag 29.mars samlast vi til familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker i Skulstuå.

Les heile saka

Så lenge skuta kan gå….

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mars 2014

Odd Arne Halaas fikk god kontakt med publikum da han gjesta Skulstuå i Todalen med sitt «Todalprogram» med song og musikk etter Evert Taube. Eit trettital tilhørarar fylte Skulstuå, og dei fekk jammen valuta for pengane. Halaas kunne by på både kjent og ukjent song og musikk etter Taube, og vi vart etter kvart imponert over den sterke og klare songstemme til artisten og trubaduren.

Les heile saka

Konfirmantane «styrte» gudstenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mars 2014

Det var konfirmantane som var i fokus søndag kveld. Da var det nemleg ungdomsgudsteneste i Todalen kyrkje, der alle konfirmantane i Stangvik prestegjeld var samla. Og gudstenesta var det konfirmantane sjølv som heldt, med litt hjelp frå soknepresten Bernt Venås som var god å ha når prekena skulle gjennomførast. Men konfirmantane kom godt ut av det med gudstenesta, og lyt jammen få skryt for gjennomføringa.

Les heile saka

Songkveld i kyrkja

Elinor Bolme Måndag 24. mars 2014

Den nye «Norsk Salmebok» er tema for songkvelden og kyrkjelydsmøtet i Todalen onsdag kveld. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor presenterer eit breitt utval av songar frå boka – både som korsong og i lag med forsamlinga. Mange folketonar frå Nordmøre har fått plass i boka – blant desse to frå Stangvik, ein frå Halsa og ein frå Rindal.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for februar

Ole Petter Talgø Sundag 23. mars 2014

Her kjem endeleg avstemninga for månadens bilete for februar. Noko forsinka, men vi håpar du tek deg tid til å stemme fram biletet du syns var best av bidraga til dagens bilde i forrige månad.

Les heile saka

Terminlistene er klare

Elinor Bolme Sundag 23. mars 2014

Nordmøre og Romsdal fotballkrets er no ferdig med å sette opp terminlistene for kommande sessong for ungdomsfotballen og opp til seniornivå. I den anledning inviterer kretsen ved dagleg leiar Erik Hals til lagledermøter rundt om i fylket før seriestart. Hals oppfordrar så mange som mulig til å møte opp, men oppfordrar spesielt lagledarane i ungdomsklassene og lågare seniorklasser til å møte da det meste dreier seg om retningslinjer og reglar for laga 13-19 år samt voksenfotball.

Les heile saka