Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konfirmantane «styrte» gudstenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mars 2014

Det var konfirmantane som var i fokus søndag kveld. Da var det nemleg ungdomsgudsteneste i Todalen kyrkje, der alle konfirmantane i Stangvik prestegjeld var samla. Og gudstenesta var det konfirmantane sjølv som heldt, med litt hjelp frå soknepresten Bernt Venås som var god å ha når prekena skulle gjennomførast. Men konfirmantane kom godt ut av  det med gudstenesta, og lyt jammen få skryt for gjennomføringa.

Det var altså konfirmantane i Åsskard, Stangvik og Todalen som var samla til ungdomsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det heile starta med at Bernt Bøe viste ein presentasjon om konfirmasjonforebuingane som har skjedd og skal skje fram til konfirmasjonsdagen i mai. Litt av eit program dei skal i gjennom før dei er ferdig til konfirmasjonsdagen. Å delta aktivt i ungdomsgudstenenesta var altså ein del av dette programmet. Gjennom gudstemesta sørga dei for både tekstlesing, song og inngang i prosesjon, men fekk altså litt hjelp til å halde preken.

Den 4. mai er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen. I år er det tre konfirmantar i Todalen kyrkje – Ole Stensby, Frikk H. Talgø og Thea S. Ulvund.

Vi har nokre bildeglimt frå frå ungdomsgudstenesta som er lagt ut som eit lite galleri nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. mars 2014, 10:20