Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På turne til Skålvikfjorden…..

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2016

Laurdag kveld dro Jon og Hans til Skålvikfjorden på musikalsk «avskjedturne». Om det var i regi av «Jobus», «New Jobus Singer» eller «Knukens janitsjar» veit ikke vi, men Jostu stillte med trekkspell og Hans med Saksofon, og ærendet var å underhalde på gourmetfest i Løvik grendahus – heilt yttert i Skålvikfjorden. på Halsahalvøya.

Les heile saka

Elinor Bolme Sundag 9. oktober 2016

Frå faglærar Siri Skjerve ved Todalen skule har vi fått ein liten «kontaktannonse» der ho etterlyser nokon som kan være med å lære dei minste skuleklassane å strikke etter haustferien.

Les heile saka

Straumlaust, men løysing i sikte på Todalsøra…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2016

Siste nytt når det gjeld straumbrotet på Todalsøra, og brannskaden på el-nettet, er at de 6-7 husstandane får att straumen i løpet av ettermiddagen ein gong. Nettvakta på Svorka fortel at dei startar arbeidet med utbetring av skaden om ei lita stund, og dette skal være ein jobb som er fort unnagjort.

Les heile saka

Branntilløp på Todalsøra i går kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2016

Straks før midnatt vart det meldt brann få Todalsøra. Det var brann i ein koblingsboks i ein straumpåle like ved Naustvollen og dermed vart brannvesenet kobla inn. To mann frå det lokale brannlaget i Todalen var raskt på pletten og fikk fort kontroll på branntilløpet.

Les heile saka



Stavgangstur frå Hamnes og utover…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2016

Stavganggruppa finn ein flott haustdag på Hamnes torsdag. Eit trettitals spreke stavgangarar samla seg på Hamnes som utgangspunkt og gikk innover på sørsia av Hamnesfjorden i retning Bæverfjorden. Her¨frå var det fin utsikt over til Solemsøya og etter kvart også Snekvikneset og innover mot Bele på nordsida av fjorden.

Les heile saka

I DAG:Kamp på Bordholmen

Elinor Bolme Torsdag 6. oktober 2016

Kl 18 i kveld er det fotballkamp på Bordholmen mellom J10 Søya/Todalen og Sunndal. Møt opp og hei på dei lokale jentene. Det blir også muligheiter for ettermiddagskaffe med graut og bakels.


Øverst på pallen på kulturhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. oktober 2016

10-trinnet på Surnadal ungdomssskule er i gang med «storprosjektet» sitt. Tysdag kveld var det premiere, vidare er det førstillingar onsdag kveld og torsdag kveld – begge kveldane kl 19.00.

Les heile saka

Sissel vart septembervinnar

Dordi Jorunn Halle Tysdag 4. oktober 2016

«Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen. Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.

Les heile saka

I kveld: Inviterer til jubileumfest for 50-års konfirmantane

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. oktober 2016

I kveld, laurdag 15. oktober kl 18.00, inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsfest, der årets konfirmantar og 50-jubilantane er spesielt inviterte. Dei inviterer også andre som har lyst til å kome og bli med på feiringa. Dei byr på middag, kaffe og ymse slags underhalding utover kvelden.

Les heile saka

4H-medlemane møtes jamnleg

Elinor Bolme Tysdag 4. oktober 2016

I går kveld var det høg aktivitet i Skulstua når Start 4H hadde medlemsmøte. Eit knippe unggutar var frammøtt for å planlegge vidare aktiviteter og ikkje minst ha det kjekt i lag. Når todalen.no kom innom var dei i sluttfasen på kveldsmaten som denne gongen var tomatsuppe og brød. Til vanleg har dei møta annakvar søndags kveld.

Les heile saka