Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangstur frå Hamnes og utover…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. oktober 2016

Stavganggruppa finn ein flott haustdag på Hamnes torsdag. Eit trettitals spreke stavgangarar samla seg på Hamnes som utgangspunkt og gikk innover på sørsia av Hamnesfjorden i retning Bæverfjorden.  Her¨frå var det fin utsikt over til Solemsøya og etter kvart også Snekvikneset og innover mot Bele på nordsida av fjorden.

Etterpå var det samling på Hamnes, der det vart kaffepause og sosial samling  – enkelte i fjøset og nokon tok pausen ute på troppa.  Nste torsdag er den siste turdagen som står på teerminlista – da er det samling på skistadion på Vang. Etter vêrmeldinga på yr.no ser det faktisk ut for at det fine haustvêret held seg heilt til neste torsdag!

Nedafor byr vi på eit galleri frå stavgangturen til Hamnes i dag.   Alle foto: Sigrun Ørsal

 

Publisert: 6. oktober 2016, 16:52