Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God sesongavslutning for Søya/Todalen J10

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. oktober 2016
img_7562

Sunndal J 10. Fremst frå venstre: Amanda og Angelica. Bak frå venstre: Thea A A, Frida, Thea B S, Kristin, Emma. Foto: Dordi J H

Torsdag spela Søya/Todalen J 10 siste kampen sin for sesongen 2016. Det var Sunndal J10 som var gjestelag på Bordholmen denne fine, men litt kalde haustkvelden. Jentene på båe laga var riktig dyktige  fotballspelarar og  innsatsen var stor. Det var mange gode målsjansar, men og fine redningar frå målvaktene, ein riktig underhaldande kamp.

img_0194

Bestefedrar på sidelina. Anders Hyldbakk (til venstre) og Tor Mikkelsen. Foto: Dordi J H

Jentene frå Søya/Todalen kom godt i gang og skåra første målet, og dei heldt leiinga gjennom heile kampen som enda 11-6 i favør heimelaget. Altså ei super avslutning på sesongen for J 10. Bjørn Kvande er trenar for laget, og Per Arne Hyldbakk er oppmann. Emma Sæther var dommar i kampen.

img_0191

Nora Johanne og Magnus bur i Oslo, men er på haustferie i Todalen. Dei synest det er kjekt både å besøke bestefar og gå fjellturar. Og trøbilane er kule! Foto: Dordi J H

Det var ikkje så mange tilskuarar, men dei som var der, såg ut til å kose seg. Som vanleg var det open kiosk, og det var godt å verme seg med kaffe og  nysteikte bakels og god graut.

img_7567

Ingunn Mikkelsen (frå venstre) og Torill Gjeldnes styrte kiosken. Foto: Dordi J H

img_0189

Fin kveld på Bordholmen, men litt surt og kaldt, – nysnø i fjella og sola var gått ned bak fjella. Foto: Dordi J H

Publisert: 6. oktober 2016, 22:10