Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sissel vart septembervinnar

Dordi Jorunn Halle Tysdag 4. oktober 2016

Kulturkontoret melder:

«Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen.  Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.

img_7035

På tur inn til Bjorvollen går ein forbi dei to gardane i Svorka. Foto: Dordi J H

Dette er nest siste Stikk UT-trekning i år. Sesongen varer ut oktober, og sommarsesongens siste gåvekort vil bli trekt i starten av november. Kvar tur til eit Stikk UT!-mål i oktober vil bli med på denne trekninga. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, kan vinne.

Tidlegare vinnarar: Roger Sæter, Eunkyong Youn, Karin Sunde og Britt Mossing.

For den som kunne ha tenkt seg årets Stikk UT!-krus, kan vi minne om at du må ha vore på minst sju Stikk UT!-mål for å få kjøpe kruset. Du har no ein månad på deg for å dei siste turane unnagjort. Hugs at turane må vera registrerte på stikkut.no

krus2016-jpg-flash_frame190_x_1901

Årets Stikk UT!-krus ser slik ut.

No i finveret kan det vere kjekt å ta Stikk UT!- turar både her i kommunen eller i nabolaget. Ein fin og lett tur er Karihaugen på Ålvundeidet. På tur opp ser ein Todalsfjell på andre sida, og oppe på toppen, 488 m.o.h., ser ein innover og utover Sunndalsfjorden med omkringliggande fjell.

img_7297

På tur opp til Karihaugen har ein fin utsikt mot Ålvundeidet med Børsetlia og ser Todalsfjell frå «baksida». Foto: Dordi J H

 

Publisert: 4. oktober 2016, 15:39