Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På turne til Skålvikfjorden…..

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2016

Laurdag kveld dro Jon og Hans til Skålvikfjorden på musikalsk «avskjedturne».  Om det var i regi av «Jobus», «New Jobus Singer» eller «Knukens janitsjar» veit ikke vi, men Jostu stillte med trekkspell og Hans med Saksofon, og ærendet var å underhalde på gourmetfest i Løvik grendahus – heilt yttert i Skålvikfjorden. på Halsahalvøya.

Åse Nygård tek ein siste sjekk på klippfiskbuffeen…. Foto: Jon Olav Ørsal

Skålvikfjordingane hadde satsa «alle korta» på denne kvelden, både gourmetmat og musikalsk undhehaldning.  Åse Nygård få Nordheim på Tustna, som til vanleg trakterer grytene på Håholmen, var leid inn som meisterkokk og trylla fram lekre og velsmakande rettar av klippfisk – ein klippfiskbuffé vi aldri har sett makan til.  Eit femtitals gjestar – dei fleste lokale kjendisar i Skålvikfjorden, men også litt meir langvesifarande hytte hyttefolk viste at dei sette stor pris på denne kulinariske opplevelsen.

Med Ola Baardset på laget vart det ein trio! Foto: Jon Olav Ørsal

Spellmenn viste at dei var i stand til å hoppe i same divisjon som kokkelaget til Åse Nygård, og starta innmarsjen med «gammel jægermarsj». Etter kvart vart også orkesteret forsterka med Skålvikfjordens eigen spellmann – Ola Baardset. Han trakterte både gitar og trekkspell og det vart mesta som ei musikalsk gjenforening med eit reportoar gjestane rundt borda nikka gjenkjennande til.  Dansen vart det så som så med, men det var ikkje musikken det stod på. Det er kanskje ikkje så lett å svinge seg i valsen, når ein akkurat har sett til livs 5-6-7 forskjellige klippfiskrettar, og når den eine smakar betre enn den andre, men her kan du iallfall få ein smakebit av musikken!

Dansen – eller om vi heller skal kalle det konserten, varte ut i dei små timane, før vi tok på heimveg til Todalen igjen etter ein vellukka «avskjedkonsert». På heimturen vart strategien lagt for neste konsert – Robert Levin hadde da i si tid mange avskjedskonsertar, han og.  Dette var nok berre starten……!

Bildegalleri – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. oktober 2016, 12:36