Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Straumlaust, men løysing i sikte på Todalsøra…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2016
eriklandsem_5316

Erik Landsem var i ettermiddag i gang med å repararere skaden og montere ny koblingsboks i stolpen som vart skadd fredag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Enno i 16-tida var det strumlaust på Todalsøra, men Svorka var da i gang med å reparere skaden som lågspentnettet vart påfør under branntilløpet fredag kveld. 6-7 husstandar har vore straumlause sia 23-tida fredag kveld, men no i ettermiddag har Svorka jobba med å rette på nettskaden.

Problemet har vore at mannskapet på Svorka er i streik, men no har dei altså fått klarsignal for å få reparert skaden etter branntilløpet i ein koplingsboks seint fredag kveld, og dermed skulle vel alle etter kvart ha fått at straumen igjen.

vikanoie_5320

Ivar Vikan og Jon Øie frå Svorka Energi var «bakkemannskap». Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. oktober 2016, 14:32