Det er vel berre så vidt at vi har dekning for å kalle Simen Halle Haugen for todaling kanskje, men vi har iallfall dekning for å seie at det er todalsgener i han.
Les heile sakaTilbake i Todalen – 51 år sia første gongen…..
I dag trefte vi Ronny og Ulla Wikås i Brusetmarka – dei er tilbake på gamle tomter i Todalen. Frå 1965 og til langt utpå 70-talet var Wikås-familien frå Halmstad på ferie i Todalen og faktisk heile sommaren – iallfall det meste av laksesesongen. Første sesongen var campingvogna plassert på campingplassen til Ola Holmå ved Halsabrua, men alt neste år flytta dei oppi Brusetmarka og var der i mange år.
Les heile sakaTirsdag: Medlemsmøte i Pensjonistlaget
Årsmøte i Surnadal Senterparti 2016
Torsdag 10. november kl 20.00 arrangerer Surnadal Senterparti sitt årsmøte i Nordvik Forsamlingshus.
Les heile sakaPå turne til Skålvikfjorden…..
Laurdag kveld dro Jon og Hans til Skålvikfjorden på musikalsk «avskjedturne». Om det var i regi av «Jobus», «New Jobus Singer» eller «Knukens janitsjar» veit ikke vi, men Jostu stillte med trekkspell og Hans med Saksofon, og ærendet var å underhalde på gourmetfest i Løvik grendahus – heilt yttert i Skålvikfjorden. på Halsahalvøya.
Les heile sakaFrå faglærar Siri Skjerve ved Todalen skule har vi fått ein liten «kontaktannonse» der ho etterlyser nokon som kan være med å lære dei minste skuleklassane å strikke etter haustferien.
Les heile sakaStraumlaust, men løysing i sikte på Todalsøra…..
Siste nytt når det gjeld straumbrotet på Todalsøra, og brannskaden på el-nettet, er at de 6-7 husstandane får att straumen i løpet av ettermiddagen ein gong. Nettvakta på Svorka fortel at dei startar arbeidet med utbetring av skaden om ei lita stund, og dette skal være ein jobb som er fort unnagjort.
Les heile sakaBranntilløp på Todalsøra i går kveld
Straks før midnatt vart det meldt brann få Todalsøra. Det var brann i ein koblingsboks i ein straumpåle like ved Naustvollen og dermed vart brannvesenet kobla inn. To mann frå det lokale brannlaget i Todalen var raskt på pletten og fikk fort kontroll på branntilløpet.
Les heile sakaInviterer til ettmiddagskaffe i Røde kors-huset….
God sesongavslutning for Søya/Todalen J10
Torsdag spela Søya/Todalen J 10 siste kampen sin for sesongen 2016. Det var Sunndal J10 som var gjestelag på Bordholmen denne fine, men litt kalde haustkvelden.
Les heile sakaStavgangstur frå Hamnes og utover…
Stavganggruppa finn ein flott haustdag på Hamnes torsdag. Eit trettitals spreke stavgangarar samla seg på Hamnes som utgangspunkt og gikk innover på sørsia av Hamnesfjorden i retning Bæverfjorden. Her¨frå var det fin utsikt over til Solemsøya og etter kvart også Snekvikneset og innover mot Bele på nordsida av fjorden.
Les heile sakaI DAG:Kamp på Bordholmen
Kl 18 i kveld er det fotballkamp på Bordholmen mellom J10 Søya/Todalen og Sunndal. Møt opp og hei på dei lokale jentene. Det blir også muligheiter for ettermiddagskaffe med graut og bakels.