Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilbake i Todalen – 51 år sia første gongen…..

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2016

I dag trefte vi Ronny og Ulla Wikås i Brusetmarka – dei er tilbake på gamle tomter i Todalen. Frå 1965 og til langt utpå 70-talet var Wikås-familien frå Halmstad på ferie i Todalen og faktisk heile sommaren – iallfall det meste av laksesesongen.  Første sesongen var campingvogna plassert på campingplassen til Ola Holmå ved Halsabrua, men alt neste år flytta dei oppi Brusetmarka og var der i mange år.

I fleire sumarar hadde dei campingvogna i Brusetmarka – dei siste åra leigde dei seg inn i Storhuset i Ramsøya. Foto: Jon Olav Ørsal

I Brusetmarka vart dei fort kjent med Ole og Tore Talgø – med felles interesse i laksefisket.  Ronny har vore lidenskapeleg fluefiskar, og fiska berre med flue i Toåa, og spøker med at kona Ulla gikk etter med kasteslukstonga, og at det var som oftast ho som fikk laksen på kroken.  Dette vart til eit vennskap som varte og rakk, og heile familien kosa seg i Brusetmarka kvar sommar – inklusive dei tre borna som nærast gikk ut og inn i alle hus i Brusetmarka. Friskt i minne er framleis St. Hansfeiring og mykje moro i Brusetmarka – og borna har ved fleire høve sagt at tida i Todalen var den rikaste i heile oppveksten.

Frå 1976 vart det litt anna feriefokus – dei hadde bygd seg siglebåt, og den tok ein del fokus frå Todalen – no måtte dei dele ferien mellom båten og Brusetmarka og i ein lang periode vart det mykje sjøliv. På 80-talet vart det ny og større båt og dei sigla så langt som til Alicante i Spania – og er framleis der mykje om vinteren – frå haust og til utpå våren. Ronny og Ulla har prata mykje om Todalen oppgjennom åra og har vore enige om at dei måtte ta ein tur snart.  No vart det altså og dei har hatt trivelege dagar i Todalen. Ronny imponerer med å hugse på kva hølane heiter i Toåa og namna på fjella – og han bodde da berre eit steinkast frå Stillhølen da dei ferierte i Brusetmarka.

Det underteikna hugsar best frå denne tida er Helgenen-bilen til familien Wikås. Ronny kjørte rundt med ein grøn Volvo 1800, som brumma godt når han finn nok å leve av. Ronny blir ivrig når vi pratar om Volvo’n. Han hadde bilen berre eit par år, for familien voks fort ut av den. Det var ein 4-seter med plass til 2 vaksne og 2 born! – Men det  var ein rask og god bil, minnes Ronny og fortel at den hadde registreringnummer N-16 000.

No blir Ronny og Ulla i Todalen eit par tre dagar før dei tek på heimveg igjen.  På denne turen køyrer dei med bobilen, og har parkert bilen på Bordholmen.  dei har treft mange kjentfolk på butikken allereie, og fleire blir det vel dei neste dagane.  Vi seier takk for praten og takk for besøket!

 

Først publisert: 10. oktober 2016, 18:48 - Sist oppdatert: 11. april 2022, 21:14