Turistnæringa som på det næraste var nede for teljing i vår, har skote fart i sommar. På Todalshytta er det ikkje noko unntak, og i helga var det kø nedover bakkane med folk som kom for å få servering. Mange måtte faktisk snu med uforretta sak, seier Stian og Arve Evensen – far og son, som i år driv Todalshytta. Ola Nordmqann ferierer i eige heimland, ingen tvil om d
Les heile saka
Nordmøre brigadeveteranforening og Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer forsvarshistorisk sommertur til Aure og inviterer sine medlemmer til å bli med på tur til Meland fort den 10. august.
Les heile saka
I helga går Stangvikfestivalen av stabelen. Det var lenge tvil om det i det heile var nokon festival i år, men no er det for lengst kome ut program, og billettsalet har gått for fullt sia 6. juli. Årets festival blir nok ein «minifestival» samanlikna med tidlegare festivalar. Men «koronakrisa» med sine smittevernsreglar gjer at […]
Les heile saka
Ola Kvendset er så smått i gang med 2.-slåtten. Først ute var ein åker med ei blanding av åkerbønner, haustrug, hundgras og kvitkløver som var nysodd. Her var nok førsteslåtten mest ugras, etter ein heilt spesiell vår med både nysnø, tørka og ein periode med regn, fortel Ola. – Men no kjem åkeren fint og eg reknar med å få litt over ein ball pr dekar, seier han. På denne åkeren satar han på 1 eller 2 rundar til før det blir vinter.
Les heile saka
Søndag 2. august er det klart for en av de aller største golfturneringene som noen gang har blitt arrangert på Surnadal Golfpark. – Surnadal Golfklubb har for første gang fått tildelt en runde i det nasjonale turneringsprogrammet Sissener Classic Tour, som er en turnering i regi av Norsk Seniorgolf – dvs. golfspillere som er 50 år eller eldre.
Les heile saka
Er det du som har mista klokka di laurdag kveld. Seint på kvelden vart det funne ei Garmin sportsklokke i nærleiken av Husby, fortel finnaren. Den låg midt på vegen og var heilt uskadd å sjå til.
Les heile saka
Laurdag kveld gjekk vi turstien frå Halset brua og oppover til Båthølen for å ta pulsen på «utelivet» ein fin laurdagskveld i Todalen. Og puls var det. Ved gapahuken var eit titals personar samla for å kose seg med kaffi og litt til. Ved den nye bålplassen brende 4 gutar bål og spela kubb, leikte gøymsel og fiska litt. Kubb var ein ny aktivitet for skribenten, noko resultatet då han fekk prøve ein runde, beviste til fulle.
Les heile saka
Årets lakseseong er godt og vel passert midtsesongen, men er langt i frå at ein kan seie at den er på hell. Laksefisket som starta 15. juni går fram til 15. august, så det er enno 3 veker att. Så langt i sesongen (25. juli) er det meldt inn tilsaman 108 laksar, med samla vekt på 419 kg. Den største laksen som er teken så langt i år er på 11 kg, og gjennomsnittsvekta så langt i sesongen er på 3,9 kg. Viste du forresten at det går an å fiske gratis i Toåa?
Les heile saka
Fredag var John Moe, Ragnar Halle, Jonas Svinvik og Sven Olav Svinvik i fullt arbeid med å sette opp namneskilt på mange av plassane ein passerer når ein går «Gammelvegen» frå Svinvika til Hjellnes. «Gammelevegen» vart opna rundt 1896 og var første vegen frå omverda og inn til Todalen. Tidlegare var sjøvegen einaste alternativ for transport av varer og folk. Skiltinga er eit prosjekt Todalen Historielag har hatt på planstadiet ei stund, og som i dag vart fullført.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag minner lagets tur til Savalen den 14. til 16 august. Fristen for å melde seg på er 31. juli – er det noe du lurer på, ring og spør oss!
Les heile saka
Vi er kjent med at Sykehusklovnene på St. Olav Hospital vart tilgodesett med inntekta frå startkontingenten for Ræta Opp under Todalsdagen. Nå ønsker dei å takke Todalen I.L. for det økonomiske bidraget, og har sent takkekort til økonomiansvarlig Jenny Stensby.
Les heile saka
Ny melding frå Fjord 1: Normal drift på sambandet Kvanne – Rykkjemfrå kl. 18:00. Reserveferga MF Nordmøre vil da drifte ruta.
Les heile saka