Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! Ski 2021 – Startar i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. desember 2020

Sjølv om det ikkje er snø enno, og såleis dårleg skiføre, så startar Stikk UT! Ski 2021 i dag. Stikk UT! Ski sesongen varer frå den 16.desember (i dag) til den 5.april (2.påskedag). Det er Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, saman med sine samarbeidspartnarar, som arrangerer Stikk UT! Ski. Stikk UT! konseptet var frå atarten av eit tilbod i perioden 1.mai – 31.oktober, men frå 2017 vart Stikk UT! ski teke inn. Frå i haust vart Stikk UT! Vinterfotturar introdusert som eit nytt tilbod i konseptet, men her er ikkje Surnadal kommune representert med turmål så langt. 

Turmåla for Stikk UT! Ski finn du i trasear der det blir køyrt opp skiløyper og det blir anbefalt at du brukar langrenn- eller turski. For meir informasjon om Stikk UT! Ski kan du treykke på lenka: «Stikk UT! Ski» Det er og mogleg å laste ned Stikk UT! sin eigen app. 

Tjønnmyra er eitt av sju Stikk UT! Ski turmål i Surnadal kommune. Foto Arkiv

I Todalen er det Tjønnmyra som er Stikk UT! Ski turmål. I tillegg har Surnadal kommune med desse turmåla:

  • Magretlia
  • Garthøglia
  • Klåberget
  • Løålikjølen
  • Øyagardshalsen
  • Holtamoen – lysløypa

Da er det vel berre å vente på snøen, slik at ein kan Stikke UT, men inntil vidare er  smøretipset å smøre seg med tolmodigheit! 

 

 

Publisert: 16. desember 2020, 17:59