Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

13.12.2020: Skuletrinn i normal drift igjen frå måndag

Jon Olav Ørsal Sundag 13. desember 2020

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, får vi oppdatert informasjon rundt Covid19 situasjonen i kommunen akkurat no. Kommuneoverlegen har ikkje fått melding om at nokon av dei berørte elevane som vart sett i karantene, har testa positivt. På bakgrunn av dette vil undervisninga gå som normalt for 5.trinn ved Øye skule og 8.trinn på Surnadal ungdomskule frå i morgon måndag 14.12.20. På same grunnlag opphevar vi rådet om å halde seg mest muleg i ro gjennom helga for alle berørte som ikkje er definert som nærkontakt. Rådet er oppheva frå no i kveld, melder Surnadal kommune  til Todalen.no

Publisert: 13. desember 2020, 19:05