Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avspark – Todalsdagen er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2019

Presis kl. 09:00 gikk flagget til topps, og Todalsdagen var i gang. Vêrgudane var ikkje heilt på lag frå morgonen av, men yr.no lovar betring utover føremiddagen, og temperatur er da slett ikkje verst og vêr og vind er til å leve med når ein kler seg etter tilhøva. mellom 30 og 40 lag er på plass på Bordholmen og det er eit yrande liv.

Les heile saka

Siste kvelden – da skal alt på plass

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Det er heilt utruleg kva dugnadsgjengen på Bordholmen får til den siste kvelden før Todalsdagen.  Ein stor gjeng med dugnadsfolk var i full aksjon på mange frontar da Todalen.no stakk innom for å lodde stemninga. Siste kvelden da skal alt på plass, slik at det er berre heise flagget og sette i gang laurdag morgon.  Venter […]

Les heile saka

Kampoppsett og anna informasjon

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Når mesta 40 fotballlag skal møtes på Bordholmen på lørdag, så må det frem litt informasjon og lages noen regler, dersom en skal få ting til å fungere. Slik informasjon er sendt ut til deltakarlagene og vil nok fungere bra helt fra morgentimene lørdag og utover hele dagen.

Les heile saka

KBK – Lillestrøm: først til mølla!

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Todalen Idrettslag har 4 biletter til kampen mellom KBK og Lillestrøm fredag 5. juli kl 18:00. Har du lyst til å sjå denne kampen så har du sjansen no!  Først til mølla, sende SMS til Nils Ove Bruset på telefon 97 08 10 93


Kom med lopper til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Loppemarknaden under Todalsdagen begynner å bli ein skikkeleg tradisjon, og har skaffa mykje inntekt til Todalen I.L. Det er Fotballgruppa og Trimgruppa som deler inntekta frå loppemarknaden som årleg kjem på rund 20.000 kroner. No er det igjen tid for å rydde i kjellar og på loft for å finne fram høvelege lopper som kan seljast under Todalsdagen.

Les heile saka

Todalsdagen – Sjå programoversikta

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Som tidlegare år er det laga eit programhefte som deles ut på Bordholmen og som er/blir putta i postkassane i Todalen. her finn du oversikt over programmet og du finn annonsørane som er våre sponsorer og som har vore med og gjort Todalsdagen 2019 mulig å gjennomføre.

Les heile saka

Øvde og finpussa førstehjelpskunnskapen

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Det er viktig å halde kompetansen vedlike og repetere førstehjelpskunnskapen med jamne mellomrom, seier utrykningsleiar Håvard Halset i Todalen brannlag. I kveld var heile gjengen, det vil seie alle 6 som tilhører det lokale brannvernet for Todalen, samla på brannstasjonen og kveldens tema var førstehjelp. Dei arbeider heile tida for å dyktiggjera seg for situasjonar […]

Les heile saka

Mat skal det bli til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2019

Torsdag kveld var det storproduksjon av grillspyd til Todalsdagen. Når 40 fotballag med tilhøyrande heiagjeng kjem på besøk på Bordholmen blir det eit stort behov for mat. – I kveld skal vi lage 5-600 grillspyd og massevis av heimlaga potetsalat og dressing for sal på Bordholmen på under Todalsdagen på laurdag.

Les heile saka

Meir pengar til Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2019

Toåa tursti er no på det næraste fullfinansiert, fortel Elinor Bolme i prosjektkomiteen. Totalt er prosjektet rekna til å koste 1,2 mill. og seinast i dag kom den gledelege meldinga om at Olav Thons stiftelse har bevilga kr 200.000 til prosjektet.

Les heile saka

Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2019

Søndag 30.juni kl. 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Kristin Strand i Todalen kyrkje.  Takkoffer til Kyrkjebladet.


Ræta Opp: Ha MOT til å delta oppfordrar Birgit Skarstein

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. juni 2019

Birgit Skarstein var gjennom organisasjonen MOT hyra inn for å være startar under årets Ræta Opp. Det hadde ho dessverre ikkje høve til, men ho har sendt oss ein videosnutt der ho oppfordrar alle til å bli med og ho helsar samtidig til slektningar på Kvanne.

Les heile saka

Sjekk medlemskapet ditt på laurdag

Elinor Bolme Onsdag 26. juni 2019

Laurdag vil styret i todalen.no ha stand på Bordholmen under Todalsdagen. Her blir det anledning både til å teikne nye personlege medlemskap for å støtte opp om nettsida, og å sjekke om du allereie er medlem men kanskje har gløymt å betale.

Les heile saka