Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avspark – Todalsdagen er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2019

Presis kl. 09:00 gikk flagget til topps, og Todalsdagen var i gang. Vêrgudane var ikkje heilt på lag frå morgonen av, men yr.no lovar betring utover føremiddagen, og temperatur er da slett ikkje verst og vêr og vind er til å leve med når ein kler seg etter tilhøva.  mellom 30 og 40 lag er på plass på Bordholmen og det er eit yrande liv.

Klokka 12 blir det full fokus på Ræta Opp. Det er mosjonsløpet der alle kan delta, med start og målgang på Bordholmen. Her kan du kjempe om løyperekorden dersom du vil, men kanskje du vil ta den tida du treng og bestemme farten sjølv? Det bestemmer du sjølv!  Her går startkontingenten i si heilhet til MOT Surnadal, og jo fleire som deltek jo meir pengar blir det på MOT Surnadal.

Sjekk om du har betalt støttemedlemskapet i Todalen.no? foto: Jon Olav Ørsal

Sjekk om du har betalt støttekontingent til Todalen.no?  Jo Gjeldnes og Karin Åsbø er på plass for Todalen.no. Her kan du også kjøpe billett til Todalen.no sin jubileumsfest i august.

Nedafor har vi laga ein liten bildekavalkade frå føremiddagsaktiviteten på Bordholmen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2019, 10:01