Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velkommen til sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 4. juli 2019

Surnadal Jeger og fisk inviterer som tidlegare år alle barn med foreldre til ein kveld med sjøfiske på Nordvik førstkommande fredag. Alle vil få god hjelp frå gode hjelparar i Surnadal JFF, slik at flest mulig av ungane skal få prøve sjøfiskelykka.

Les heile saka


her kom det jammen ei hesje!

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. juli 2019

I dag er det langt mellom hesjene, men jammen finns det sorten enno. Gudmund Kvendset som er kårkall i Viastua har dei siste par dagane jobba med å sett opp ei hesje, og har i dag hengt ho full med gras til tørk. Høyvêret er det så som så med, men yr.no melder likare vêr frå komande helg, så vi får leve i håpet. Kanskje det går an å kutte ut stillongsen og da? I dag tidleg var det 6,5 på den ein og 7,0 grader på den andre gradstokken her – det kjentes ut som det var den på 6,5 grader som var rett. Nysnø i fjella var det og!

Les heile saka

Pensjonist? – Meld deg inn i pensjonistlaget, oppfordrar Kristian Ranes

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. juli 2019

Med eit heller labert pensjonsoppgjer attom oss, er Norges Pensjonistforbund svert interessert i å få fleire medlemar. Eit stort forbund gjev pensjonistleiarane meir tyngde i drøftingane med regjeringa om vilkåra for pensjonistane. Eit sentralt ynskje er å få forhandlingar omtrent slik landbruket har det. – I heile landet er det om lag 900 000 pensjonistar, der ca. ein firedel av desse er medlemmer i Norges Pensjonistforbund.

Les heile saka

Kompakt vandrefestival med lokal verdiskaping

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2019

Norsk Vandrefestival blir i år arranger helga 16. og 17. august, og vil ha base i Svinviks arboret. Tysdag presenterte styret med sin nye leiar Tom Godtland årets program for lokalpressa. Tom Godtland var ydmyk og omtala vandrefestivalen som avtroppande Ragnhild Tunheims baby, og fortalte at styret har videreført det arbeidet som Ragnhild og det gamle styret hadde starta. – Vi har samla trådane, korordinert og samarbeidet med aktørane slik at vi har fått eit robust program for årets festival. Vi har og tenkt litt nytt for framtidige arrangement, der det tidlegare er beslutta at vi skal ha stort og lite arrangement annakvart år.

Les heile saka

Passkiosken er i funksjon igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2019

Passkiosken er komen i funksjon igjen, melder Surnadal lensmannskontor. Lensmannskontoret er ope kvar dag denne veka og heile neste veke for passbestilling, og langope tysdag 9. juli til kl. 17.

 

 


Opnar vorpå på Kroknesset

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juli 2019

Måndag 1. juli opnar vorpå på Kroknesset på Hendset etter å ha vore stengt sia 2004. Dermed blir ein over 600 år gamal tradisjon ført vidare. Dette markeres både på Kroknesset frå kl 17 og i Halsahallen frå kl 18. I Halsahallen blir det både boklansering og kåseri om vorpå på Kroknesset.

Les heile saka

Tur til Rødsetsetra på Ålvundeidet

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. juni 2019

Veret var ganske ruskåt på starten av dagen, og det må nok ta ein stor del av skulda for at ikkje fleire enn 5 personar møtte opp ved Rødsetgarden for å ta turen opp til dei nyrestaurerte seterhusa i lag med Reidun B. Rødset som stilte opp som «gaid» på turen.

Les heile saka

Lynnedslag – Brusetmarka uten strøm

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2019

Ei lynnedslag i trafoen ved Falløya førte til straumbrot i heile eller delar av Brusetmarka i 17-tida. Dette medfører også at abonnentane for vassverket i Bjøråa er utan vatn. Transformatoren er øydelagt og må difor skiftast ut.

Les heile saka

Laksefisket: Vêrforandring og betre elvefiske i vente

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2019

Dei to første vekene har det gått litt tregt med laksefisket. Til saman er det landa 7 laks i denne perioden, men gjennomsnittsvekta er rimeleg bra på 5,5 kg – den største var på 9,3 kg og teken på flue. 6 av dei 7 første laksane er forresten tekne på flue, fortel Tove T. Brøndbo i Todalen elveeigarlag.

Les heile saka

Aktiv dag og full fart på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2019

Ein dag med full fart på fotballbanen og med rekorddeltaking i Ræta Opp er over. Til saman var det 32 fotballag som spela heile 62 kampar med treerfotball i løpet av dagen, og det er nok fleire undre unge fotballspelarar som har fått ein ny premie til premiehylla – for alle som deltek får sjølvsagt premie under Todalsdagen.

Les heile saka

Avspark – Todalsdagen er i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2019

Presis kl. 09:00 gikk flagget til topps, og Todalsdagen var i gang. Vêrgudane var ikkje heilt på lag frå morgonen av, men yr.no lovar betring utover føremiddagen, og temperatur er da slett ikkje verst og vêr og vind er til å leve med når ein kler seg etter tilhøva. mellom 30 og 40 lag er på plass på Bordholmen og det er eit yrande liv.

Les heile saka