Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kunstnere in spe» i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. desember 2020

Laurdag 19.desember klokka 13:00 opnar keramikkutstillinga «Kunstnere in spe» i Bondehuset i Stangvik. «Kunstnere in spe» er ei keramikkutstilling der arbeida er laga av tolv ungdommar i alderen 10-12 år. Ungdommane kjem frå kommunane Surnadal og Sunndal, og har arbeidd med prosjekta sine i haust. Det er Brit Dyrnes frå Kvenna Kunstverksted som har vore prosjektleiar og instruktør. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunndal kommune og Surnadal kommune. 

Frå Workshop 2020. Foto: Brit Dyrnes

Frå Todalen har Selma S. Gjeldnes og Maria K. Bergli vore med på prosjektet som har hatt workshop i lokala til Kvenna Kunstverksted i løpet av hausten. Dei har her fått lære å arbeide med leire og dei ulike teknikkane knytt til dette. Og laurdag og søndag kan vi altså få sjå det dei har laga på desse workshopane gjennom keramikkutstillinga «Kunstnere in spe» i Bondehuset i Stangvik. 

Frå Workshop 2020. Foto: Brit Dyrnes

«Kunstnere in spe» held ope laurdag 19.desember klokka 13:00 – 15:00 og søndag 20.desember klokka 13:00 – 15:00. 

Her kan du sjå plakaten «Kunstnere in spe»

Publisert: 13. desember 2020, 11:13