19.08.2020: Statusoppdatering frå kommuneoverlegen i Surnadal:
Kommunen fann grunn til å stenge vaksenopplæringstilbodet ein kort periode som eit førebyggande tiltak. Seinare testing og smittesporing har avkrefta aktiv smitte ved eininga Vaksenopplæring og integrering.
Les heile saka
Barndomsheimen til Hans Hyldbakk, Kleiva, er under restaurering. Men det manglar ein del original takstein.
Maja Frønes som har ansvar for musea i kommunen, skriv:
Les heile saka
Måndag var skulestart over heile linja – både på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande. Det var nok ein dag som mange hadde sett fram til og ikkje minst dei skom skulle starte i førsteklassen. Litt spenning var det nok for Odd Magne Heggem Grytskog som hadde «premiere» i ny jobb som sjåfør på skulebussen frå Todalen. Odd Magne er 18 år, og er sikkert tidenes yngste sjåfør på skulebussen. Gammelsjåføren, Kristian Kjølstad, hadde takka av tidlegare i vår.
Les heile saka
Måndag kveld var det endeleg klart for kamp for Søya/Todalen sitt G9/10 lag på Søyabanen. Etter mange månader med berre trening og terping kunne endeleg gutane kle på seg drakta og entre banen for å spele kamp. Første kamp var mot Tingvoll. Dette var òg første gongen laget spela fotball på 7-ar bane, og det prega dei litt i starten, men det betra seg mykje etter pause. Likevel vart Tingvoll for sterke, og vann kampen til slutt med god margin. Men spelarane får ein ny sjanse allereie neste måndag.
Les heile saka
I sol og godt ver starta Kløverturen opp att etter ein lang sommarpause. Turen gjekk etter Toåa tursti; ei triveleg turløype.
Les heile saka
Det finst fleire ordningar for å hente støtte til kulturlivet, også på hausten. Dei er gjerne meir «spissa», så ordningane passar ikkje for alle. Men her er i alle fall nokre: Frist 01.09: Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele heile 1,685 milliardar kroner. Gå inn her og […]
Les heile saka
I dag var det skulestart for 100. gong ved Todalen skule, vel og merke ved dagens skule som vart teken i bruk hausten 1920. Skuleåret 2020/21 er det 23 elevar ved Todalen skule, ein nedgang på 5 elevar i høve til siste skuleår. Edvard Halle starta som einaste elev i 1.årstrinn i år. Dette er første gong sidan 1987 at det er berre ein elev som startar sin skulegang i 1.årstrinn.
Les heile saka
Etter ein knallgod sesong på Todalshytta er det tid for å runde av årets sommarsesong saman med laksefiskarane. Det har vore ein heilt eventyrleg sesong, seier Arve Evensen som i sommar har drevet Todalshytta saman med sonen Stian. Dette vart nærast ein prøvesesong for oss, og vi tok sesongen på sparket. Vi skreiv kontrakt med KNT om leie og drift av Todalshytta i slutten av april, og tok sjansen på at vi skulle få til dette som har vore draumen for oss i mange år. No er restauranten stengt, men vi har framleis ope for overnatting og begrenset servering, seier Arve Evensen.
Les heile saka
Her kjem månadens bilete vinnaren for juli, Ingrid Margrete Brokstad med feiring av «åvgått» hønhals vant med heile 146 av 341 stemmer.
Les heile saka
Torsdag 20. august går turen til Ranessetra. Vi samles ved bommen, fyller bilene og kjører derfra til vanlig tid, kl 11, skriv Stavganggruppa i en epost.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen I.L. melder at det blir friidrett på Bordholmen følgjande torsdagar framover:
20. august kl. 17:30 – 18:30
27. august kl. 17:30 – 18:30
3. september kl. 17:30 – 18:30
10. september kl. 17:30 – 18:30
17. september kl. 17:30 – 18:30
Les heile saka
Lørdag 5. og søndag 6. september er datoen for årets siste mulighet til å gjennomføre nybegynnerkurs «Veien-Til-Golf» i regi av Surnadal Golfklubb. Les vår «invitasjonsplakat» til kurset, med info om tidspunkt, påmelding osv.
Les heile saka