Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjestearbeidar har testa positivt ved innreise

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. mars 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i kveld, får vi opplyst at ein gjestearbeidar har testa positivt for korona ved innreise. Gjestearbeidaren er registrert i Surnadal, men er på oppdrag i ein annan kommune. Han er som følge av den positive koronatesten isolert der. 

Kommuneoverlegen fekk i kveld melding om positivt prøvesvar på testen som gjestearbeidaren tok ved innreise til Norge fredag. Arbeidsgjevaren bur i Surnadal og er sett i nærkontaktkarantene. Husstanden er sett i vente-karantene. Ytterlegare ein person i Surnadal er sett i vente-karantene. Desse personane vil bli testa i morgon, måndag. 

Gjestearbeidaren blir følgt opp av kommunen kor vedkommande befinn seg på oppdrag.

Situasjonen i Surnadal er avgrensa og under kontroll. 

Publisert: 21. mars 2021, 20:58