Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets bilete 2020

Mari B. Redalen Laurdag 20. mars 2021

For dei som ikkje deltok på årsmøtet vårt torsdag og ikkje fekk med seg at årets bilete vart «feiring tå avsmelta hønhals» så får du no ei lita oppsummering. Vinnaren Ingrid Margrete Brokstad er ein av hytte eigarane uti stranda ho bur til dagleg på Skåla ved Molde, og jenta på bilete er hennar dotter Solvår. Bilete er eit godt blinkskot som oser av sommarstemning. I år var det 725 stemmer på årets bilete, vinnaren fekk 143 stemmer. Vi har har forstørra og ramma inn bilete som premie for årets bilete. Dette håper vi får heidersplassen på hytta. Bilete «Nils» og «Frida og svanen» var òg kandidatar med mange røyster under kåringa

 

                             

Publisert: 20. mars 2021, 12:51