Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velfortent måldiplom til Karstein Mauset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 12. september 2019

Surnadal Heimbygdlag deler kvart år ut måldiplom til personar eller lag som arbeider for å fremje bruk av nynorsk og dialekt. Diplomet for 2019 vart tildelt Karstein Mauset.

Les heile saka

Stengt veg grunna asfaltering

Elinor Bolme Torsdag 12. september 2019

Som nemnt i går, så nærmar det seg slutten av forsterkingsarbeidet av Todalsvegen mellom Åsbøen og Svinvika. I den forbindelse orienterer Statens vegvesen på si heimeside om stenging i veke 38; 18. og 19.september. Ein del av strekninga er så smal at det ikkje er mogleg å ha trafikk på vegen når asfalten blir lagt.

Les heile saka

Trossa været og gikk til Svorka

Wenche Kvendset Torsdag 12. september 2019

Dagens tur gikk til Svorka i Bøverdalen. Det ble heller ikke denne torsdagen noe fint turvær men det var mange som dro iveg. Først fortalte Lars Magnar, som var oppvokst på Svorka, og om hvordan livet var når en bodde langt fra folk.

Les heile saka


Sanitetsbasar

Dordi Jorunn Halle Torsdag 12. september 2019

Todalen sanitetsforening melder at årets basar blir tysdag 24. september kl. 17.00. Basaren er i Sanitetshuset, og det blir trekking kl. 19.30.

Les heile saka

Bokkveld på Kulturhuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. september 2019

Surnadal Heimbygdlag melder at det er bokkveld på Kulturhuset torsdag 12. september kl. 19.00. Her blir det nylansering av boka «Ei haustferd på Nordmøre. 1934» av Hans Hyldbakk.

Les heile saka

Legging av dekke Svinvika – Nordvik

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. september 2019

Vegvesenet i Møre og Romsdal har sendt ut følgande meldingar: FV 671: Haugafossbrua – Svinviktunnelen, på strekninga Todalsøra – Haugen, Møre og Romsdal. Nedsett hastigheit til 50 km/t og manuell dirigering på grunn av dekkelegging i periodane: Måndag til torsdag frå 06:00 til 18:00. Vent på ledebil. Gjeld frå 11.09 klokka 06:00 til 19.09 kl. […]

Les heile saka

Ole Stensby vart sistemann inn

Elinor Bolme Tysdag 10. september 2019

Siste oppteljinga etter kommunestyrevalet i Surnadal er no klart. Her vart det spenning til siste slutt etter at dei siste 67 stemmene skulle teljast i dag. Resultatet vart at SV gjekk forbi Krf og tok deria plass i kommunestyret. Det betyr at Ole Stensby kom inn som fast medlem på første valgforsøk. 

Les heile saka

Bekymra for den smittsame hundesjukdomen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. september 2019

Den dødelege hundesjukdom som har fått stor fokus den siste tida har ført til stor bekymring for Odd Arne Vikavoll. Han er genuint interessert i jakthundar, og har vore sterkt bekymra for sin eigen hund og fleire hundar som ha har til opplæring. Den siste tida har Vikavoll farta rundt på jaktprøvar og har hatt mykje kontakt med andre hundar. Det har ført til at han har sjekka hundane fleire gong om dagen – klar for å aksjonere ved teikn på sjukdom.

Les heile saka


Nytt sokneråd vart valgt

Elinor Bolme Måndag 9. september 2019

Det var også valg på nytt Sokneråd i går, og der blir det ei total utskiftning frå dagens styre, da ingen av dei gamle tok gjenvalg. Todalen sokneråd er samansett av 4 medlemmer og 5 varamedlemmer.   I Todalen var det 94 personar som stemte på soknerådsvalet, medan antall stemmeberettiga var på 223.

Les heile saka

Senterpartiet med valgseier og mest truleg ordførarplassen

Elinor Bolme Måndag 9. september 2019

Surnadal Senterparti vart den store vinnaren under kommunevalget 2019. Dei fekk fleirtal alle kretsene og endte til slutt på 1375 stemmer noko som resulterer i 13 kommunestyrerepresentantar i kommande fireårsperiode. Fire meir enn ved sist valg. Surnadal Arbeiderparti gjekk ned med fire stemmer, medan Høgre gjekk ned frå to til ein og Fremskrittspartiet gjekk opp tilsvarande.

Les heile saka