Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senterpartiet med valgseier og mest truleg ordførarplassen

Elinor Bolme Måndag 9. september 2019

Surnadal Senterparti vart den store vinnaren under kommunevalget 2019. Dei fekk fleirtal alle kretsene og endte til slutt på 1375 stemmer noko som resulterer i 13 kommunestyrerepresentantar i kommande fireårsperiode. Fire meir enn ved sist valg. Surnadal Arbeiderparti gjekk ned med fire stemmer, medan Høgre gjekk ned frå to til ein og Fremskrittspartiet gjekk opp tilsvarande.

Kven som får dei ulike plassane er ikkje klart enno, da oppteljinga så langt viser kun partistemmene, og ikkje personstemmene. Dette kjem etter kvart som «scannarpatrulja» på kommunen får sett dette i system. Men at Margrete Svinvik frå Sp er ordførar i neste periode er nok ganske så sikkert.

Alle partia var samla til felles valgvake på Musters måndag kveld, og spenninga var stor før resultata byrja å komme opp i dei ulike kanalane.

Under ser ein totaltala for kommunevalget:

Surnadal kommunestyre dei kommande fire år fordelt på parti..

Valgresultatet i Surnadal kommune 2019, kor det var total 64% valgdeltaking.

På fylkestingvalget vart det derimot adskillig jamnere valg:

Arbeiderpartiet hårfin vinnar med 0,1% framfor Senterpartiet.

 

Resultatet av Fylkestingvalget i Surnadal.

Senterpartiet fekk fire fleire plassar, medan Arbeiderpartiet mista tre. Om nokre av listekandidatene frå Surnadal er berga må vi nok vente med å sjå etter opptelling av kummuleringane.

Publisert: 9. september 2019, 23:28