Gratulerer, nye og gjenvalde representantar i sokneråda! De er betrudd viktig juridisk og demokraktisk rett og ansvar – til å gjera kyrkjelivet på heimstaden godt for eigarane. Og eigarane, det er alle døypte i bygda. Dette er det stadig viktig å minne om! Meir enn nokon gong synest det nødvendig å understreke nettopp den lovfesta strukturen i kyrkjedemokratiet. Det er nemleg ikkje slik mange synest å tru, at lokalkyrkja er styrt av ein kyrkjeverje og eit fellesråd. Tvert imot: Det er det folkevalde soknerådet (menighetsrådet) som er rettssubjekt, som innehar den juridiske makta og som først og fremst skal bestemme på vegner av folket i soknet.
Les heile sakaBli med og gjett antall trimturar!
På facebooksida til Todalen.no har vi fram til onsdag ein konkurranse gåande. Her utfordrar vi lesarane våre til å gjette kor mange turar som har vorte registrert på dei 10 trimbøkene til Todalen IL.
Les heile sakaSesongslutt for stavgangarane
Smoke on the water vant månadens bilete
Olav Halle vant september sitt månadens bilete men det idylliske Smoke on the water. Vi gratulerer og vil levera premie til deg snarest. Under finn du alle bilete som var med i kåringa med fotograf.
Les heile sakaKløvertur til Haltbakkan
Måndag 7. oktober er det Kløvertur til Haltbakkan. Møt opp ved Hals/Matkroken, samkjøring derifrå kl. 11:00. Turen startar frå Rabbleet. Alle er velkomne til å blir med ut og gå!
Les heile sakaLegg søndagsturen til Slettneset
I morgon er det igjen ope bakeriutsalg hos Karin Åsbø på Slettneset Steinovnsbakeri. Her blir det rå å få både søt og grov gjærbakst i hyggelige omgivelsar. På menyen har dei også ulike typar kaffe og ulike drikkar frå Surf Kombucha i Trøndelag.
Les heile sakaMånadens bilete for september
Ein september med blanding av alle årstider er unnagjort, og vi har samla nokon fine bileter klar til kåring. Kven liker du?
Vi har vore riktig heldig i det siste og fått inn masse fine bidrag.
Klar, ferdig, trim!
1. oktober er skillet på nytt og gamalt trimår hos Todalen IL. Da tek trimgruppa ned alle trimbøkene dei har utplassert på 10 ulike plassar rundt om i bygda og startar opp att med blanke ark. Dei mest populære postene har det siste året vore Gunnøya og Talgøsetra. Talgøsetra er nok ekstra godt besøkt i år både fordi det er StikkUt-post og bokstavpost hos Surnadal IL på Bjøråskaret.
Les heile sakaMange nye bøker frå Sanitetsforeninga til Todalen oppvekstsenter
Todalen sanitetsforening fekk i 2018 midlar frå Egmont-stiftelsen for å fremje interesse for bøker og litteratur og stimulere til større leselyst hos barn og unge. Fredag før haustferien var den store dagen da May-Elisabeth Holten frå Sanitetsforeninga kom med bokgåva for 2019. Ikkje mindre enn 26 splitter nye og fine bøker hadde ho med seg.
Les heile sakaÅrets valgte kunstnar for saniteten med utstilling
Todalen sanitetsforening har årleg eit kunstlotteri som dei sel loddar på frå februar til desember. Kunstnarane har stort sett så langt hatt lokal tilknytning, Årets valgte kunstnar er Marit Bergem, som er født og oppvakse på Sunndalsøra med slekt i Todalen. Ho er no busett i Sandefjord med sitt eige galleri der; Galleri M
Les heile sakaBli med på ein filmsnutt og vinn billett
I dag kjem Svarrabærje Teaterlag på Matkroken for å lage ein liten filmsnutt dei skal ha i forbindelse med revyen «Katastrof» som har premiere førstkommende torsdag. Revygjengen håpar at dugnadsånden i Todalen kunne hjelpe dei med at Todalingane stiller mannsterke opp og hjelper dei med dette.
Les heile sakaKosa seg på Tjønnmyran
Enda en dag med finvær og ny utflukt med trimtur for stavgangere – både med og uten staver. Stavgangturen denne gangen gikk rundt omkring oppå Tjønnmyran, der lysløypetraseen er det perfekte turområde, og sågar et mål for StikkUT-tur dersom man ønsker.
Les heile saka