Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppdatering smittesporing – ingen fleire positive prøvar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. mars 2021
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i føremiddag, blir vi oppdatert på smittesporingsarbeidet i samband med dei to påviste smittetilfella, frå fredag og søndag. I pressemeldinga heiter det: – Dette er status frå smittesporinga etter hurtigtesting på måndag.

Gjestearbeidaren som er registrert i Surnadal, men oppheld seg i ein annan kommune, har fått bekrefta smitte med den britiske virusvarianten.Husstanden til arbeidsgjevar har testa negativt på hurtigest måndag. Ytterlegare ein person har også testa negativt på hurtigtest. 

Vi ventar framleis på eit par prøvesvar på ordinære testar tatt før helga. Det er ikkje bekrefta om den påviste smitten på fredag, hos ei ung kvinne i Surnadal, dreier seg om mutert virus.

Det er ikkje lenger uventa at det blir konstatert smitte med mutert virus. Det blir no påvist mutert virus i dei fleste prøvane som blir analyserte for å bestemme virusvariant. 

Situasjonen lokalt er under kontroll med omsyn til dei to smittetilfella vi fekk påvist fredag og søndag.

Publisert: 23. mars 2021, 10:48