Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSøndag var det gudsteneste med hausttakkefest i Todalen kyrkje. Neste års konfirmantar var med og delte ut salmebøker og las herrens bøn. 50-årsjubilantane var invitert og Start 4H stod for pyntinga i kyrkja denne søndagen. Dagens tekst hadde liturg Kristin Strand henga frå Lukasevangeliet kapittel 12. Start 4H var ansvarleg for pyntinga av kyrkja til […]
Les heile sakaTysdag 13. oktober kl 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte på Thon Hotell Surnadal. Dagens tema er koronasituasjon, og dagens foredragshaldar er kommunelege Bjørn Carsten Buan. Han har kalla foredraget sitt for: «Hvor fri kan vi føle oss med aktivitetar i lokalmiljøet med tanke på korona og smittefare?» – Dette er eit høgst aktuellt tema i dag, så vi håpar at mange blir med oss – alle er like velkomne om du er medlem eller ikkje, skriv pensjonistlaget i ein e-post til Todalen.no.
Laurdag kveld var det fest for å feire dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1970. Festa var i Todalen ungdomshus og 7 av dei 10 som vart konfirmert, av dåverande sokneprest Karl Kristian Jacobsen våren 1970, hadde teke turen for å vere med på jubileumsfeiringa. Sjølv om dei gjeldande smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen inneber strenge restriksjonar, greidde Todalen sokneråd å lage ei fin og triveleg jubileumsfest for 50-årskonfirmantane og dei andre frammøtte òg i år.
Les heile sakaFor omtrent tretti år sia så planta Johan Kvendset ein vinranke attmed husnova heime i Trøa. Johan har alltid vore interessert i hagebruk, og dette var nok eit forsøk som han nok tvila på at det vart noko resultat av. Men no i haust så kom dei første mogne vindruene – etter rundt tretti års venting.
Les heile sakaLeif Arne Ness (51) frå Bjørnrud i Todalen har gjort lidenskapen sin til levebrød. Han har heile livet vore lidenskapeleg interessert i fotball, og dei siste 5 åra er lidenskapen òg levebrødet hans. Leif Arne er nemleg heiltidstilsett materialforvaltar/lagleiar i Eliteserieklubben Sandefjord Fotball. Spelarkarriæra til Leif Arne var over i 2006, no er det dei to sønene Ulrich 24 år (Eidsvoll Turn 2.divisjon) og Fabian 21 år (Grorud i OBOS-ligaen) som er aktive spelarar. Sjølv om Leif Arne ikkje har budd i Todalen på 25 år, så er han todaling «på sin hals», og tek turen «heim» til Nygården så ofte han kan. Han er og heilt klar på at han skal flytte «heim att» når yrkeskarriera er over.
Les heile sakaI eit presseskriv frå Laget Vårsøg opplyser dei at konserten med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistane den 7.november i Stangvik kyrkje blir avslyst. Avlysinga er ein direkte konsekvens av dei gjeldande smittevernsrestriksjonane i samband med Koronasituasjonen.
Les heile sakaTorsdag 15.oktober klokka 19:00 – 20:30 inviterer Kyrkja i Surnadal til Fellesskapskveld i 1.etasjen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Det blir enkel servering og sosialt samvær etter at kveldens program er ferdig.
Les heile sakaEtter ein lang pause på grunn av koronavirusets «herjing» var Senioruniversitetet attende med samling i kulturhuset for både medlemar og andre sist torsdag. På programmet stod songmøte, med gamle revyviser som tema. Det er nok eit veldig aktuelt tema ettersom det no blir arbeidd med å samle gamle revyviser mellom to permar. Gamle revyveteranar legg ned ein stor jobb for å få dette på plass, og det vart signalisert at dei skal være i mål i neste år – kanskje til Vårsøghelga eller kanskje til neste haust, fortalte Eivind Holte som orienterte om stoda for dette arbeidet.
Les heile sakaFørstkomande laurdag opptrer duoen Franklind (Linda og Frank sPoon Botten) på Øra Kafe på Sunndalsøra. Det heile tek til klokka 21:00 og er ferdig slik at alle som tek turen skal ha god tid til å nå siste ferga på Rykkjem. Linda og Frank kjem frå Surnadal. Linda, er som mange av oss kjenner til, «halv» todaling, då mor hennar har vokse opp på Sandstad.
Les heile sakaDet går så det «susar» på Surnadal kino fortida med fulle hus, opplyser Steinar Hasselø frå kinoen. Dette gjer at dei fredag 9.oktober kl. 13:00 og søndag 11.oktober kl. 14:00 har vald å sette opp ekstraframsyningar av den populære animasjonsfilmen Knutsen og Ludviksen – Det store dyret.
Les heile sakaMed eit fint portrett bilete av Nils vant Helge Brokstad månadens bilete for september. Vi gratulerer til både mannen frammom og attom kameraet. Mailboksen vår har stor kapasitet for å tak imot nye bidrag til dagens bilete
Les heile saka