Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H med årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. mai 2021

I går kveld var det årsmøte i Start 4H i skulstuå. Før årsmøtet fekk dei fire nye medlemmene ei omvisning i klubblokala av klubbrådgjevar Ragna Kvendset. Dei fekk og ei kort orientering om kva det inneber å vere med i 4H og kva for prosjektoppgåver dei kan velje mellom. 

Avvikling av årsmøtet. Foto: V A Ansnes

Årsmøtet hadde vanlege årsmøtesaker på dagsordenen. Siste punkt på dagsordenen var val. Her er det nye styret i Start 4H:

  • Leiar: Johan Ranes
  • Nestleiar: Ingebrigt K. Bergli
  • Sekretær: Maria K. Bergli
  • Kasserar: Van Adrian Ansnes
  • Styremedlem: Nora Kårvatn. 
  • Styremedlem: Ylva Synnøve Gjeldnes

Etter at det formelle årsmøtet var over, vart det diskutert kva fellesaktivitetar medlemmene ønskte å arrangere i 2021. Det vart bestemt å at det skal arrangerast to overnattingsturar, LAN og haustfest. Alle aktivitetar skal foregå i tråd med gjeldande smittevernreglar, så datoar for dei forskjellege aktivitetane er førebels ikkje fastsett.   

Til slutt vart det servert kakao og «Myrmo spesial». Alt saman i tråd med smittevernreglane. 

 

Kakao ute i det fri. Foto: Line M. Kvendset

 

På veg heimatt! Foto: Line M. Kvendset

Publisert: 19. mai 2021, 09:00