Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt snudde sola – endeleg!

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2019

I natt kl. 04.19 snudde sola, og dermed går det definitivt med lysere tider. Her heime er det i dag 5 veker sia sola sa takk for seg og dermed 5 veker til ho kikar fram igjen – nærare bestemt den 27. januar i 2020. Det er jammen godt å vite at årets kortaste dag er unnagjort, og at det no berre kan gå framover. Frå Wikipedia har vi saksa litt informasjon om vintersolkverv eller vintersolsnu, så klikkar du på les meir så får du litt meir info.

Les heile saka

Matkrokens opningstider i julehelga

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2019

På Matkroken vil det sjølvsagt være litt avvikande opningstider i samband med julefeiringa. Butikken er heilt stengt 2 dager – 1. juledag og 1. nyttårsdag, men drivstoffpumpa til HalsOil er open heile jula og 24/7 for sal av drivstoff og betaling med kort. Elles er det varierande opningstider gjennom jule- og nyttårshelga – 3 av dagane er det kioskope frå 16:00 – 18:00. Nedafor har vi laga ein plakat med alle opningstider frå og med lille julaftan, til og med 2. nyttårsdag.

Les heile saka

Tenner lysa søndag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2019

Søndag kveld kl. 18 er tida for å tenne lysa på Todalspålen (eller minipålen som enkelte kallar han) Det beste utkikspunktet er kanskje moloen i Båthamna, trur arrangøren.

Les heile saka

Blankis og trafikkaos på Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2019

I morgontimane i dag var det blankis med underkjølt regn etter fylkesvegen. Rundt 15 bilar var involvert i stoppen som skjedde i Åsbøhaugane, der vegbanen var spegelblank. Lokale krefter – les Ola Magne Nordvik og Oddvar Mikkelsen – redda situasjonen da dei kom til unnsetning med traktorar og strøsand. Etter kvart kom også strøbil frå Mesta, men det skjedde først mellom kl 9 og 10.

Les heile saka

Øver inn «Ymseri» på scenekanten

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2019

Revygjengen i Todalen I.L. er godt i gang med øvingane på scenekanten i Ungdomshuset. Arbeidet med skriving av tekstar er gjort unna, og no pågår øvinga for fullt, og torsdag kveld var det 3. øvingskveld så langt. Det var god stemning i leiren, og det såg ikkje ut til at revygjengen var under tidspress for å kome i mål. – Vi har klart å få til mykje godt og aktuelt stoff, og er eigentleg ferdige med skrivearbeidet, men ting kan skje enno så vi er førebudd på oppgraderingar, seier Astrid Longva Kvendset som er revysjef.

Les heile saka

Årets julegave fra Svorka går til Surnadal Frivilligsentral

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. desember 2019

Svorka har i flere år gitt en pengegave til et allmennyttig formål i stedet for julegaver til leverandører og samarbeidspartnere. I 2019 har vi valgt å gi vår gave på kr 10.000.- til Surnadal Frivilligsentral i arbeid med oppstartsfasen etter den offisielle stiftelsen 1.mai i år.

Les heile saka

God Jul på hytta

Elinor Bolme Torsdag 19. desember 2019

Kristiansund og Nordmøre Turistforening har sendt oss ei lita julehelsing med mange fine turtips i julehøgtida.

Les heile saka

Gnoflane sørga for førjulsdramatikk

Elinor Bolme Onsdag 18. desember 2019

Kveldens juleavslutning ved Todalen oppvekstsenter fylte heile gymsalen til siste ledige stol i forbindelse med den tradisjonelle juleavslutninga på skulen. Ungane både på barnehage og skule hadde øva inn fleire songnummer, og dramatisert historia om «Gnoflenes dans». Det var kanskje ei ukjent historie for mange, men fornøyelig var ho i alle fall.

Les heile saka

Todalspålen og sånn – siste nytt..

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. desember 2019

Det er ikkje alle rekordforsøka som lykke ved første forsøk – men vi har prøvd. Men juletre med lys og lenkjer det blir det. – Men årets utgåve blir på 12 meter, men likevel eit av dei høgaste juletrea i kommunen, smiler Erling Talgø, som har vore primus motor for prosjektet.

Les heile saka

Perfekte forhold på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. desember 2019

Det er nyoppkøyrt løype og perfekte forhol på Tjønnmyran, reklamerer Ski- og friidrettsgruppa i T.I.L. Det er skikkeleg godt skiføre, og leiar i gruppa, Gunnar Nordvik, håpar at fleire tek turen til lysløypa på Tjønnmyran. – Ta med borna og kom ut på ski, er oppfordringa derifra.

Les heile saka

Frå Di Derre til Leikarvollen Scene!

Jon Olav Ørsal Måndag 16. desember 2019

Neste års artist er i boks! Denne gongen måtte det bli ein kvinneleg artist! Leikarvollen Scene er veldig glade og stolte over at UNNI WILHELMSEN har takka ja til å besøke Bøfjorden 12.september 2020! Unni tek turen til Leikarvollen Scene etter ein turne-runde med Di Derre! – Ho er som kjent fast gitarist i bandet til Jo Nesbø!

Les heile saka

Inviterer til juleavslutting på Todalen oppvekstsenter

Jon Olav Ørsal Sundag 15. desember 2019

Onsdag 18. desember er det klart for juleforestilling på Todalen oppvekstsenter. – Barna på skulen og i barnehagen, vil synge og vise eit lite julespel for å markere jula. Alle er velkomne på program, kaffe, loddsal og gong rundt juletreet kl.17.30.

Les heile saka