2020 sin aller siste vinnar av månadens bilete ble Siv Halle sitt idylliske bilete Rimfrost ved Toåa. Ho og 11 andre skal nå med i ny kåring om å bli årets bilete for 2020. Vi legg ut kåringa ila helga. Har du knipsa noko bilete i det siste? Vi har stort behov for påfyll av bilete
Les heile saka
Tjuandedag jul, òg kjent som Knutsdag, har i fleire hundreår markert den absolutte slutten på julefeiringa i dei nordiske landa. Dagen er oppkalla etter den danske prinsen Knut Lavard, som i 1131 vart drepen av bror sin, Magnus Nilsson, som var valt til svensk konge i Västergötland. I 1169 vart Knut Lavard oppteken som helgen, av paven i Roma, altså 38 år etter at han vart drepen. Heldigvis var nedrigginga av Todalen Grendalag si julegate heilt utan drama og gjekk føre seg i fredelege former, sjølv om både kalenderen og gradestokken viste 13!
Les heile saka
Onsdag kveld vart sesongens første «Barn i løypa» arrangert i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste -11 grader, så det var lurt å vere i aktivitet for å halde varmen. Og aktivitet vart det i nypreparerte løyper og kjempefine forhold.
Les heile saka
Som kjent har alle ungdomsskular og vidaregåande skular, over heile landet sidan 4.januar, hatt «raudt» smittevernnivå. Dette gjer at klassar ved Surnadal vidaregåande skule har veksla på å ha heimeundervisning. I informasjon frå Surnadal barne- og ungdomskule får vi opplyst at dei òg innfører delvis heimeskule for 8. og 9.årstrinn frå og med onsdag 13.jaunuar og førebels til og med tysdag 19.jaunuar.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det blir oppstart av «Barn i løypa» onsdag 13.januar kl. 17:30 i lysløypa på Tjønnmyra. Driftsstyret på Tjønnmyra melder at det er kjempefine forhold på Tjønnmyra, med nypreparerte løyper, så Barne og ungdomsgruppa håper mange ungar/ungdommar og vaksne tek turen onsdag kveld.
Les heile saka
Ola Dalsegg i Todalen Idrettslag sin anleggskomite på Tjønnmyra melder om nypreparerte løyper på Tjønnmyra. Han fortel vidare at nysnøen som har kome i det siste døgnet gjer at det er fine forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra no.
Les heile saka
På dagens sprintkonkurranse i randonee på Voss sikra Erik Kårvatn seg 3.-plassen og dermed pallplass i Seniorklassen. Ein imponerande innsats av junioren som blir 18 år om eit par månader. Dagens konkurranse gikk i Bavallen på Voss, der det var 20-30 cm nysnø og fine løyper og tilhøve elles, fortel Erik til Todalen.no
Les heile saka
Hennie Kvendset Fiske er ny laurdags- og søndagshjelp på Matkroken i Todalen. For deg som ikkje kjenner Hennie så kan vi fortelje at ho har mykje todalsgener i seg, men ho har vakse opp på Kvanne – nærare bestemt i den gamle doktorbustaden der dr. Folsland heldt hus. Hennie skal være laurdagsvikar og ha kioskope enkelte søndagar – og så er det plana at ho skal være sommarvikar når det lir så langt.
Les heile saka
Godt inne i det nye året tek vi fatt på kåring av fjorårets siste måndens bilete. Det bilete som vinn denne gongen blir det siste bilete som blir med i kåringa om å bli årets bilete 2020. Stem på din favoritt fram til mandag kveld.
Les heile saka
Laurdag kveld hadde fedrene utfordra ungane til ishockeykamp på Bordholmen. Kampen vart arrangert på ein kjempefin skeiseis på Bordholmen stadion, og kampen vart spela over to periodar. Kva som vart sluttresultatet er litt uklart, men ein kommentar frå ein av fedrene: «Dei gamle er best!», kan vel tyde på at fedrene vann! Ishockey er vanlegvis ein fysisk tøff sport der spelarane, rett som det er, ryk i tåtane på kvarandre og tek ein kamp på tørre nevane. Slike scener slapp vi i alle fall heldigvis å sjå i kveld.
Les heile saka
I helga er det sesongstart for randonee-sesongen, der Viljar IL står som arrangør for Norges Cupen som foregår i Myrkedalen laurdag og i Bavallen i Voss på søndag. Her er det konkurrerert i induviduellt på laurdag, og søndag er det sprint som står på programmet. Frå den lokale klubben Trollheimen Fjellsportklubb var det to deltakarar i dagens individuelle konkurranse – Kristoffer Nordvik og Erik Kårvatn, som begge hevda seg bra med 5. og 6. plass.
Les heile saka
Odd Rune Hoem og gjengen i Surnadal Alpinsenter har nytta kaldvêret godt og har fått etablert ein skikkeleg såle med kunstsnø frå mast 7 og ned til stasjonen. Dei har vore i full sving både dagar og kveldar, og snøkanonane har produsert mykje snø. Frå mast 7 og ned er det no rundt 1 meter med kunstsnå, og det skal halde til ein skikkeleg såle. Søndag er det plana å opne anlegget frå 7-ern og ned, og da blir snøproduksjonen flytta til øvre del av anlegget, fortel Odd Rune.
Les heile saka