I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål.
Les heile saka
I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål.
Les heile sakaI anledning at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i år fyller 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett, der målet er at alle sanitetsforeningar over heile landet skal vere med. Kløverstafetten er eit lågterskeltilbod der lokalforeiningane saman, gjennom jubileumsåret, skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord. Stafetten starta 1.mars på Svinesund, og skal ende si ferd i Tromsø, siste helga i september, der NKS skal ha sitt jubileumslandsmøte denne helga. Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni.
Les heile sakaSurnadal pensjonistlag inviterer til stavgang torsdag 24. juni til Brøskehagen.
Les heile sakaTodalingen Roar Sæter har eit liv og virke som geitebonde i Geiranger. Med til saman rundt 400 geiter å passe på, så har han fullt opp. Rundt 120 av dei er mjølkegeiter som er ute på beite og må mjølkast 2 gong dagleg – eit liknande tal er tilsette i verdsarvens teneste og tener til livet opphald som beitepussarar. Dei skal rett og slett sørge for at det terrenget ser fint og velstelt ut, når turistane kjem til Geiranger – enten med cruisebåtar eller pr bil og buss.
Les heile sakaI ei pressemelding frå laget Vårsøg i dag, får vi opplyst at Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen, Trondheimsolistene med fleire, kjem til Stangvik kyrkje tysdag 2.november klokka 19:30, for å halde konsert. Billettar til konserten kan du kjøpe på «surnadal-kulturhus.no» eller på billettautomaten på Surnadal kulturhus. Salet startar i siste av halvdel av august.
Les heile sakaOnsdag 23.juni klokka 18:00 inviterer Trimgruppa og Økonomi- og markedsgruppa i Todalen Idrettslag alle til St. Hans feiring ved gapahuken i Båthølen. Idrettslaget ordnar med grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv. Idrettslaget spanderer og kaffe og kaker etter grillinga.
Les heile sakaFredag 25.juni mellom klokka 13:00 – 17:00 held Lia Gard ope gardsutsal, før dei tek ein kort ferie. Denne gongen kan dei, i tillegg til dei vanlege godsakene, i tillegg freista med ein nyvinning, nemleg rabarbraterte, laga av rabarbra frå eigen hage.
Les heile sakaMåndag 21.juni klokka 18:00 er det klart for nok eit lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J10 lag mot Surnadal J10. Det blir sjølvsagt open kiosk med graut og bakels.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. juni Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaFor å klargjere anlegget på Bordholmen stadion til Todalsdagen, arrangerer anleggskomiteen i Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni klokken 18:00.
Les heile sakaMed bakgrunn i dei smittevernreglane som vart kunngjort i går, har Todalen Idrettslag bestemt seg for å invitere til Todals-Cup i aldersbestemt fotball, laurdag 26.juni frå klokka 10:00 og utover dagen. Det er aldersgruppa 6 – 10 år som blir invitert, og alle lag i kommunane: Sunndal, Tingvoll, Heim, Rindal og Surnadal blir invitert. – Vi er litt seint ute, men vi har avventa dei nye smittevernreglane, seier leiar i Todals-Cupen, Ola Dalsegg. – Vi håper likevel at det er interesse for cupen og at laga melder seg på, avsluttar han.
Les heile sakaMåndag føremiddag blir fv 6146 forbi Brustad stengt. Det er Mesta som melder dette på telefon til redaksjonen. Det skal skiftast ei stikkrenne som går over vegen ved Brustad. Mesta reknar med at arbeidet er ferdig i løpet av føremiddagen måndag, men kan ta litt lenger tid.
Les heile saka