Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utlån av bøker på Skei

Steinar Hasselø Tysdag 12. mai 2020

Biblioteket på Skei har no starta med utlån av bøker via Frivilligsentralen.
Biblioteket er framleis stengt, men Frivilligsentralen i MøbelFiske-bygget vil formidle både innlevering og utlån fram til biblioteket forhåpentleg snart blir opna.

Les heile saka

-Viser stor lokal omstillingsevne

Elinor Bolme Måndag 11. mai 2020

Kriseleiinga hadde i dag sitt første møte i mai månad.  -Situasjonen vi no befinn oss i er prega av mange omstillingsprosessar og er ikkje mindre krevjande å handtera, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Det er stor pågang frå bedrifter og arrangørar som ønskjer råd. Som kommuneoverlege er eg takknemleg over at aktørar tek kontakt og utviser ansvarlegheit. Ein evner å komme fram til akseptable løysingar i dei fleste tilfelle.

Les heile saka

Surnadal kino opnar igjen… men berre for 30 om gongen

Steinar Hasselø Måndag 11. mai 2020

Kulturhuset vil framleis vere stengt, men det vil, inntil vidare, bli vist film på onsdagar og søndagar. Og sia 17. mai er på søndag, blir det berre vist to filmar på onsdag denne veka.

Det vil berre bli muleg å kjøpe seg unummererte billettar over nett, og alle vil bli tilvist plass når kinosalen opnar.

Les heile saka

Inspeksjon av Brusetbrua

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2020

Måndag ettermiddag var det uvanleg aktivitet ved Brusetbrua; fleire karar, bilar og til og med ein stor gummibåt på ein hengar. Det viste seg å vera mannskap frå O. E. Hagen dykkerfirma frå Stryn.

Les heile saka

Maitur i vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2020

For snart tre månader sidan var det Kløvertur i vårver med 12 varmegrader og sol. I dag, 11. mai,  vart det tur i snøeliingar med skosnø og vebju. Men heile 11 turdeltakarar tok turen oppover skogsvegane på Kvennsetliene!

Les heile saka

Vinteres siste krampetrekning?

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mai 2020

Vêrgudane spelar ikkje akkurat på lag med dei som no ønskjer seg fint vårvêr for å drive med meir vårlege aktivtetar som våronn og hagestell.  Andre dagen på rad vaknar vi opp til nysnø, om ikkje akkurat skiføre.  Den blaute nysnøen kjem nok bort like snart som den kom, dersom vi får eit solgløtt i løpet av dagen.

Les heile saka


Kløvertur måndag 11. mai

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. mai 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 11. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Bilnøkkel funne på Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 9. mai 2020

I dag, 9.mai, vart denne bilnøkkelen funne på Tjønnmyran i StikkUT!-runden. Nøkkelen blir lagt inn på Matkroken i Todalen og kan hentast der.

Les heile saka

Vil ha arboretet ope så mykje vi kan!

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mai 2020

For Svinviks arboret er det ingen tvil om at det er både eit spesielt år og ein spesiell vår.  Koronakrisa «var på topp» akkurat da vi skulle booke bussturer til arboretet på etterjulsvinteren, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks arboret. – Disse gruppereisene legg fundamentet både for besøkstala i hagen og for omsetninga i kafeteriaen.  I staden for å planlegge ein offensiv vårsesong så vart arboretet stengt ned, sier Maja.  No er det letta litt på restriksjonane, men dette vil nok prege drifta gjennom heile sesongen og framleis er gruppeturar med buss forbudt. 

Les heile saka


Nyt Todalen fra lufta

Elinor Bolme Laurdag 9. mai 2020

Todalsfan Andreas Belboe har sendt oss ein film fra Todalen 19. april.  Han har filma med drone fra nedre del av bygda og sett saman ein to minutt lang filmsnutt. Kunne vore ein reklame for «Heimatt til Todalen» dette!

Les heile saka