Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete april

Mari B. Redalen Sundag 3. mai 2020

Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for april. Hugs å send oss bidrag til dagens bilete om du har tatt eitt fint bilete i det siste, vi blir alltid glad for nye bidrag.

Les heile saka

Kløverturen startar opp att!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. mai 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 4. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Nye drivarar på plass på Todalshytta

Elinor Bolme Sundag 3. mai 2020

Det ryk ut av pipa på Todalshytta, og dei nye drivarane vandrar fra rom til rom for å sjå på mulegheitene før årets sesong. For dei nye drivarane Stian og Arve Evensen har mange planer og ser verkeleg fram til å kunne åpne dørene offisielt 1. juni. 

Les heile saka


Avklaring om skyteprøven for storviltjegrar

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mai 2020

Det har lenge vore uklart kva som skal skje med skyteprøven for storviltjegrar – blir det oppskyting på vanleg måte eller blir det ikkje?  No har Miljødirektoratet avklara mykje av denne usikkerheita ved at dei har beslutta at storviltjegrar som tok prøven i 2019 får forlenga godkjenning også for 2020-sesongen.  Nye jegrar må derimot ta skyteprøve på vanleg måte. 

Les heile saka

Trenar utan mål om cup- og seriespel så langt

Elinor Bolme Fredag 1. mai 2020

Gjengen på Søya/Todalen G12 har starta treningssesongen 2020. Med nokre koronarestriksjonar var det likevel full fart på treningsfeltet på Bordholmen i går kveld. Det er ikkje lagt opp til kampspel, derfor var det desto større fokus på både teknikk og kondisjon i staden.

Les heile saka

Koronakrisa gjer 1. mai digital i år – oppdatert!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2020

Leiar i Surnadal Arbeidarparti, Lilly Gunn Nyheim, fortel at det var planlagt tradisjonelt 1. mai-arrangement i Surnadal, men koronakrisa sette ein stoppar for det. Laget hadde sikra seg AUF-leiar Ina Rangønes Libakk som hovudtalar. Koronakrisa sette altså ein stoppar for å få Libakk live, men ho vil likevel sende ei helsing til surndalingane i høve dagen, seier Nyheim, som promoterer Arbeidaranes dag saman med Odd Arild Sande. – Det vil skje på lagets facebookside.

Les heile saka

Det blir ein annleis vår – ta vare på kvarandre!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2020

30 04 2020: Statusrapport frå kriseleiinga:  Det er vår og om nokre timar er det 1. mai. Mai er vanlegvis ei høgtid for nasjonale og private markeringar og merkedagar, til glede for arbeidsfolk, unge og eldre. Denne våren blir annleis, men vi skal som samfunn forsøke å normalisere oss etter ei tid med nedstenging og forbod. Tida vi har bak oss har gjeve oss både vonde og positive erfaringar som fellesskap, men med dramatiske konsekvensar for mange. Det er ikkje berre å trykke på ein knapp og så er alt bra igjen., men no har vi grunn til å tru at det går rette vegen med rette tiltak og rette handlingar.

Les heile saka

Opningstider på raude dagar i mai og juni

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2020

Frå Matkroken L. Hals har vi fått oversikt over opningstider som er gjeldande i mai og juni som har mange raude dagar. Oversikta startar med 1. mai og går til og med 2. pinsedag som i år er på måndag 1. juni.  Bla om så får du heile oversikta, der butikken er kioskoskopen frå kl 16 til kl 18:

Les heile saka

Nytt frå Talgø: Audun går frå Power til Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2020

Audun Moen Skei er tilsett som kjedekonsulent hos Talgø. Dei fleste av oss kjenner vel Audun frå den tida han var å finne attom disken på Power Surnadal, men dei siste par åra har han vore drivar og medeigar i Power Orkanger. Frå 1. juni er han på plass hos Talgø.

Les heile saka

Smoltutsetting – ut på livet i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2020

I disse dagar er ein ny generasjon med 1-åreig smolt sett ut i Toåa. Det skjedde onsdag, da dei vart sette ut i merder ved Steinutgarden. Der skal dei aklimatisere seg nokre dagar før dei blir sleppte «ut på livet» i Toåa om nokre dagar. 

Les heile saka