Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange ute på Stikk UT!-tur i godveret

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. mai 2020

Første maidagen starta med godver, og det var mange som tok ut på tur. Det vart ein pangstart for Stikk UT!-sesongen 2020.

Sissel og Ann Grete på tur nedover mot Bjøråbrua. Her var det fint og tørt å gå i dag. Bjøråa i Bakgrunnen. Foto: Dordi J H

I Todalen er no to av dei tre turmåla opne, nemleg «Rundtur om Tjønnmyran» og «Svinvikrunden». Bjøråskaret er planlagt opna 1. juni. Da todalen.no gjekk Stikk UT!-turane midt på dagen, var det riktig mange som var ute på tur båe plassane. Det var folk i alle aldrar, og parkeringsplassane var på det næraste fulle. Folk var riktig så blide og kosa seg. «Det er så fint i Todalen», vart det sagt. «Vi har filma Storfossen», var ein annan kommentar. Og det er fint ute no med lauvsprett, vårblomster, fuglesong, humler som surrar og sommarfuglar som flyg frå blomst til blomst.

Det ligg framleis litt snø oppå Tjønnmyrå, men det er ikkje problem å ta seg fram i joggeskor. Enten ber snøen, eller så kan ein gå på kanten.

Oppå Tjønnmyrå er det litt snø, men skoføre. Foto: Dordi J H

No når mange tek ut på tur, der det ekstra viktig at ein passar på reglane frå styresmaktene om å halde minst ein meter avstand og ikkje ferdast ute om ein er sjuk eller i karantene. Men samstundes er det no ei så spesiell tid, at det er ekstra viktig å kome ut i naturen og få bruke kroppen! Og det inspirerer Stikk UT!-opplegget til, men i år har dei ei ekstra oppfordring om å bruke nærområdet som turmål! For framleis er oppfordringa å unngå unødvendige fritidsreiser.

I Svinvikrunden er det i skrivande stund 53 registerte besøk og på Tjønnmyran 22.

I Svinvikrunden er det fin utsikt mot Svinvikgarden, Gjenstoa og utover fjorden. Foto: Dordi J H

Hugs dette! Foto: Dordi J H

Her er det oppdatering 1. mai frå Norunn Holten, Stikk UT!-kontakt i Surnadal:

Da er det berre få timar til årets Stikk UT! er i gang! Desse bilda frå Torviksetra viser at det enno er snø på mange av postane i Surnadal. Viss ein har truger eller tykkjer det er greit å bli våt på føtene, er likevel kodane kome ut på dei fleste postane. Status per i dag er slik:

Dei raude postane Bjøråskaret, Bølia og Snøfjellet har alle utsett opning. Vi satsar på opning på Bølia den 15. mai, på dei to andre postane 1. juni.

Soggnebba: Kode er heller ikkje utlagt her. Planlagt opning 10. mai. 

Torviksetra, Haugasetra, Settemsvarden, Svartvatnet: Snø i øvre delar av traseen, men kodane er på plass.

Svinvikrunden, Kleiva og rundtur på Årnes: Fine forhold!

Er litt usikker på korleis det er oppå Tjønnmyran i Todalen.

Torviksetra no ved sesongstart. Foto: Norunn Holten.

Her er turpostkassen på Tjønnmyran. Kode på plass. Foto: Dordi J H

Gaukesyra blomstrar langs vegen rundt om Kammane. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 1. mai 2020, 17:55