Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nye drivarar på plass på Todalshytta

Elinor Bolme Sundag 3. mai 2020

Det ryk ut av pipa på Todalshytta, og dei nye drivarane vandrar fra rom til rom for å sjå på mulegheitene før årets sesong. For dei nye drivarane Stian og Arve Evensen har mange planer og ser verkeleg fram til å kunne åpne dørene offisielt 1. juni. 

5-årsavtale i boks

Begge karane er over snittet interessert i laksefiske og er difor også godt kjent med både Toåa og dei andre lakseelvene i rundt oss. -Mitt første møte med laksefisket på Nordmøre var ved Kvanne Camping på 70-talet, fortel Arve. Etter kvart resulterte det også med huskjøp i Surnadal ein periode, før far og sønn no tek fatt på draumen om å drive Todalshytta for Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Dei har no signert femårskontrakt med KNT, og ser ikkje mørkt på det i heile tatt, tvert i mot!

Ønsker å tilby noko for alle

Arve fortel at familien er godt kjent med å drifte liknande hytter fra tidlegare. -På 80 og 90 talet var familien vertskap på liknande hytter i både Hyen, Gaula og Orkla. Stian er derfor oppvakse med dette og har det nok i blodet som meg, smiler Arve. Og det er heilt tydeleg at Stian ser fram til å starte i vertskapsrolla. Han er den som skal halde gjestane i matvegen, medan far tar vaskinga. -Eg er ikkje faglært kokk, men med bred erfaring fra ulike restauranter i Oslo så skal både KNT sine krav om rømmegraut, vafler og sunndalsgraut og mine eigne krav gjere at gjestane kvar dag vil kunne finne noko smakfull på menyen. -Vi ønsker at alle som tek turen skal kunne setje seg ned og ta enten ein kaffekopp eller bli frista av dagens middag. 

Stian ser fram til å tilby både kaffeservering, lunsj og middag til dei som tek turen til Todalshytta. Han er også ein ivrig klatrar, og som instruktør håpar han at han skal kunne tilby guida klatreturer etter kvart også.

Fokus på fiskarane

Ellers er Arve Evensen også grunnlegger og distributør for fluefiskemerket Zpey. Dette vil også bli godt synleg på hytta, med eige utsalg. Karane planlegg også fleire aktivitetar retta mot fiskarane som har tilhold både i Todalen og ellers i omlandet. Eit fluekastekurs må vi få til, samt kanskje eigne fluefiskedagar her på hytta og i elva, seier Arve. -VI har ein stor bekjentskapskrets, men ser no at alle våre potensielle utenlandske gjester ikkje kjem i år. Dette er naturlegvis litt dumt, men vi satsar derfor på større besøk av nordmenn ettersom årets trend er tydeleg med norgesferie.

Siste finpuss

Sesongen for KNT sine hytter starta 1. mai, og her er det på Todalshytta tilrettelagt for gjestar i det gamle Ishuset ute på tunet og Jomfruburet. Jomfruburet er eit rom i tilknytning til hovedhytta som er låst med eigen nøkkel. Stian og Arve vil dei kommande vekene klargjøre hovedhytta for for åpning, og ser fram til ein travel sommar med mykje besøk. 

Oppgradering med nyt sanitæranlegg vart gjort for nokre år sidan. Ved sida av er det no den siste tida vorte påbygd ei vedbu.

Eit 119 år gamal historisk bygg som berre ventar på at laksefiskarar, fjellfolk og ikkje minst todalingar skal ta turen innom når 1. juni kjem.

Publisert: 3. mai 2020, 10:14