Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa til Brokkelnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. september 2021

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Brokkelnebba, som ligg mellom Kvenndalen og Søyådalen. Rapportane fortel at Brokkelnebba leverte opp til namnet! 16 glade og spreke fjellgruppegangarar var med for å klive opp på nebba i går, og dei fekk ein fin tur i slik passe variert haustvêr. 

Oppover lia frå Kvenndalen. Foto: Anne V. Einum

– For førstegangsklatrarane var det både brattare og lengre enn vi hadde tenkt, men det var eit imponerande landskap med utsikt til alle leier, fortel Kristian Ranes.

Eit fint krypinn. Foto: Anne V. Einum

– Da vi rasta på toppen kom ein sur regneling, men galgenhumoren slo til i eit samstemt utrop om at dette var da riktig så triveleg, fortsett han.

Her ønsket Hans Hyldbakk seg ei hytte. Foto: Anne V. Einum

– Bladvottane og regnhetta kom på, men så skein det opp att, og da vart landskapet vakkert og spennande. Så enno ein gong kan vi avslutte med at «Det var ein fin tur!», avsluttar Kristian.

Eigarane av hytte med sjel under Skarfjellet. Foto: Anne V. Einum

Neste tyrsdag går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Bollen i Vindøldalen!

Straks nede i Kvenndalen. Foto: Anne V. Einum

Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for informasjon og bilete frå gårsdagens tur til Brokkelnebba. 

Mykje stein som har flytta seg her. Anne V. Einum

Under kan du sjå nokre fleire bilete frå turen til Brokkelnebba: 

Publisert: 22. september 2021, 06:08