Stangvikfestivalen blir arrangert annakvart år, og blir i år arrangert frå onsdag 27. – søndag 31. juli. Torsdag 28. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvikfestivalen til Operapub i Todalen ungdomshus, der publikum får møte nokre av Europas fremste talent innan opera. Her kan nordmørspublikummet få oppleve noko dei elles må til dei største byane for å få oppleve!
Les heile saka
Fra 15. juli er det forbud mot å fiske holaks i Toåa, skriv Todalen Elveeigarlag i ei pressemelding. Dette er samme tiltak som ble gjort i fjor for å tilpasse laksefisket til bestandsstørrelsen etter at midtsesongevaluering i vassdraget er gjort.
Les heile saka
Det fine «kinovêret» held fram, så Surnadal kino har sett opp enno meir film enn planlagt (og annonsert). Mest for dei yngre; det skal seiast. Men Surnadal kino har opplevd godt besøk, og vel difor å sette opp nokre ekstra kinoframsyningar, medan vi alle venter på godvêret.
Les heile saka
Dei siste par dagane har Mesta trimma asfaltkantane på fylkesvegane rundt bygda. I kombinasjon med litt grøfterens får ein tranportert vatnet bort frå vegbanen og dermed slepp ein alle sølepyttane etter vegen
Les heile saka
Til tross for renteauke og aukande prisar på materialar, så det det stor byggeaktivitet og fullt opp for snekkarfirma. Her i bygda er det akkurat no 3 bustadhus og fritidsbustader under produksjon. Det er Talgø Tradbo som er entreprenør for alle dei tre einingane, og alle er produsert med byggelement frå Talgøbygg i Todalen. Kortreist med andre ord
Les heile saka
Austigarden på Ørsalen fekk besøk av denne kattungen i hagen sin, men hvor hører han hjemme?
Les heile saka
Da Frode la på nytt tak på fyrhuset/garasjen, nytta han høvet til å legge på solcellepanel på taksida som snur mot sør. Frode har eit ønske om å være mest muleg sjølvforsynt med energi heme på garden i Steinarstua. Han er inforstått med at ei stor trønderlån nærast sluker energi – det er erfaringa etter mange år med vedfyrt varmeanlegg, som forsyner heile huset med varme og varmvatten frå oktober til apri
Les heile saka
Resultatet av det strie regnvêret laurdag gjorde utslag på målestasjonen ved Storfossen. Den viste rundt 17 m3/sek på målinga fredag kl 17, og laurdag kl 17 var den komen på knappe 35 m37sek, men regnvêret fortsette og elva vaks fort utover kvelden, og den gikk da etter kvart melfull
Les heile saka
AD UNDAS leverte ein flott konsert i Svinviks arboret fredag kveld, og det var ingen tvil om at dei trefte publikum heime med programmet, som var bunde saman av små forteljingar om folk og levd liv. – Det vart ei magisk og annleis oppleving som passa godt, og som publikum tok vel i mot
Les heile saka
Magnus Holde-Bygvraa har denne veka lada opp til EM i karate på Todalshytta. Om tre veker går EM av stabelen i Holland og da er det viktig at alt stemmer, ikkje minst at den mentale formen er på plass og i balanse. På spørsmål om kva som får en kampsportutøver til å dra frå Danmark til Todalen, så seier Magnus at det er viktig å finne fred og ro før konkurransen som går om 3 veker. Den roa har han funnet i Todalen!
Les heile saka
Omtrent samtidig med at gruppa AD UNDAS går på scena er det faktisk meldt regn innover mot Svinviks arboret. Men det har ikkje noko å seie, for gjengen i arboretet har lagt til rette for at alle skal fåplass under tak, fortel Katarina Wedelsbäck Bladh og Vår Stokke Folde som er klare til å ta i mot publikum når klokka nærmar seg 19:00 i kveld og konserten kan starte
Les heile saka
Anders Talgø sitt fine bilete av rådyr-tvillingar på spasertur vant velfortjent kåringa av månadens bilete i juni. Kopp med logo vil bli overbragt ved første høve. Frå 1. juli er underteikna ny redaktør for Dagens bilete og eg tek gjerne imot bidrag på e-post til red@todalen.no eller MMS til telefon 452 54 850. Det treng […]
Les heile saka