Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2012/09/trim2010.jpg)
Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaErik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars. Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.
Les heile sakaSiste måndagen i februar vart det uventa godt ver, og det var nesten litt vårstemning med sol og isfri elv. Da vart det kløvertur i Toåa tursti.
Les heile sakaFredag 3. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.
Les heile saka– Ønskjer du å støtte dei katastroferamma i Syria og Tyrkia? Da kan du koma til Åsskard kyrkje onsdag 1. mars klokka 18:00! Denne oppfordringa kjem frå koret «Prosjekt 17» og Åsskard sokneråd. Dei står bak konserten der lokale artistar tek eit krafttak for nødsarbeidet som Kirkens Nødhjelp driv i jordskjelvområda. Støtten gjeld også det krigsherja Ukraina.
Les heile sakaDei to neste vekene viser Surnadal kino filmar på dagtid, i tilleg til filmane i regi av Seniorfilmklubben. Det er filmane «La elva leve», som blir vist tysdag 28. februar klokka 13:00 og «The Whale», som blir vist tysdag 7. mars klokka 13:00, som er filmane som blir vist på dagtid dei to komande vekene.
Les heile sakaPå Todalshytta er det balldag tysdag 28. februar, med servering av sildball og potetball mellom kl 15:00 og kl 18:00. Som tidlegare balldagar kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball – fritt val til same pris. Todalshytta vil gjerne ha din bestilling – ta kontakt via SMS eller telefon 929 97 550 til Arve Evensen.
Ute snø og snøfokk, inne lunt og triveleg. Slik var det siste laurdagen i februar da Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe.
Les heile sakaLandbruksforvaltninga i Surnadal kommune informerer om at tida no er inne for å søke om tilskot frå landruksfond, spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlar) og tilskot til drenering og grøftin. Søknadsfristen er 15. mars.
Les heile sakaFredag kveld var det premiere for «Surnadals Hyllest Til Pink Floyd 2023» for fullt hus. Du verden for ei forestilling med musikk, lys og rytme som vi knappast har sett makan til. Dyktig aktørar sørga for 2 timar med kulturell underhaldning av beste slag, og publikum honorerte gjengen på scena ståande applaus og trampeklapp.
Les heile sakaStyret i Surnadal Golfklubb kallar inn til årsmøte måndag 6. mars klokka 19:00 i klubbhuset sitt ved golfbanen på Mo. Det blir enkel servering
Les heile sakaSurnadal bibliotek kan dei komande vekene pressentere fleire nye tilbod, dei håper vil auke leselysta! Dei presenterer også nye digitale tenester for å gjere seg meir tilgjengelege.
Les heile saka