Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt frå Todalen sanitetsforening: salg av maiblomster, kunstlotteri og strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Torsdag 25. april 2024

Førstkomande fredag, 26. april, blir det salg av maiblomster og lodd ved Matkroken i tidsrommet 10:30 – 16:30.

Inntekta av maiblomstsalget går til barn og familiar som er i ei alvorleg livskrise. Ein halv million barn i Norge veks opp i familiar der foreldre eller søsken har psykiske lidingar eller rusproblem.

 

Nytt kunstlotteri

Gevinsten i årets kunstlotteri er eit tresnitt av Odd Skrøvseth. Tittelen på biletet er: «Bjørka på Leviklandet». Trekking av vinnar blir på årsmøtet til Todalen sanitetsforening i februar 2025. Måleriet er med ramme.

Odd Ingar Skrøvseth. Arkivfoto.

Pris pr lodd er 20 kroner. Lodd kan kjøpast med VIPPS – 101456. Hugs å merke innbetalinga med Kunstlotteri. Kjøper du lodd til andre enn deg sjølv, må du skrive namn på vedkomande som skal ha loddet.

Fredrikkekaffe med utlodding

Laurdag 27. mars er det Fredrikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet 13:00 – 16:00. Her blir kaffe med noko attåt og utlodding. Ta gjerne med ein liten gevinst. Arndis og Ingeborg er vertinner.

Alle er velkomne til ei triveleg ettermiddagsstund!

 

 

 

Publisert: 25. april 2024, 11:01