Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På utplassering – godt å prøve litt forskjellig

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. april 2024

På Gammelfabrikken i Brusetmarka trefte vi 3 damer som var på utplassering.  Dei tre går i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, og denne veka er dei altså på utplassering på Talgø.  I dag var dei altså på jobb på Gammelfabrikken i lag med Anita Talgø.  – I dag var jobben å rydde opp i den gamle soveromsavdelinga og flytte over til den nye historiske avdelinga som er under arbeid. 

Rydda soveromsavdelinga på Gammelfabrikken – frå venstre Natalie Strømme, Tina Strand og Ine Andersen som alle går i 9. klasse ved SBU. Foto Jon Olav Ørsal

Dei tre som er Natalie Strømme. Tina Strand og Ine Andersen tykte det var eit fin avbrekk frå skulearbeidet, og det var artig å prøve seg litt i yrkeslivet.  I dag var det altså Gammelfabrikken som var arbeidsplassen, og i morgon så skal dei være med og jobbe på Hageland. Der er det sesongskifte i disse dager med mykje hagemøblar, hagereiskap og mykje planter og busker.

De unge damene har ikkje gjort seg opp noko meining om framtidig yrkesval enno, men teykte det var artig å kome seg ut litt for å sjå korleis det kan være ute i arbeidslivet.  Dei har nok litt til å stake ut kursen vidare enno, men artig var det i allfall å prøve seg litt…

Publisert: 23. april 2024, 12:14